Andreaskross

Andreaskross, eller X-kross er ein kross med diagonale armar forma som ein X. Han har fått namnet sitt etter apostelen Andreas, som ifølgje legenda døydde som martyr på ein slik kross. Andreaskrossen finst i både heraldikk og flaggvesen.

Andreaskross er også namnet på ein del av konstruksjonen (avstiving) i stavkyrkjer.

Andreaskrossen i flagg og våpenskjold

I flagg finst den grunnleggjande forma av andreaskrossen i ein ensfarget diagonalkross på einsfarga grunn, men fleire variasjonar ut over dette er kjende. Til dei eigenlege, eller grunnleggjande, andreaskrossane i flagg høyrer det russiske orlogsflagget, som er ein blå andreaskross på kvitt, og det skotske flagget, som har ein kvit andreaskross på blå bakgrunn.

Ein raud X-krioss vert også kalla St.Patrikskross.

I Noreg fører Krødsherad kommune gul eller gull andreaskross på blått felt som flagg og våpenskjold.

Jamaica fører gul andreaskross i kombinasjon med svart og grønt, medan Burundi har ein kvit andreaskross mot grøn og raud bakgrunn, men her er det òg ein kvit stjernepryda skive i midten. Tidlegare førte Seychellene ein kvit andreaskross på blå og raud botn, men dette er ikkje lenger i bruk.

I nokre flagg er andreaskrossen kombinert med den ordinære gjennomgåande krossen, georgskors i britisk terminologi. Storbritannias og Baskerlands flagg er døme på dette, også Russlands og Estlands orlogsgjøs.

Litteratur

Andre land

Galleri

Kjelder