Den aronittiske velsigninga er ei velsigning i Bibelen i Fjerde Mosebok 6,24–26 Ho vert oftast kalla Birkàt kóhaním i jødedommen, og i kristendommen vert ho ofte kalla Herrens velsigning. Namneforma Den aronittiske velsigninga har sitt opphav i den tyskspråklege vitskapstradisjonen (Aronitischer Segen), medan ein i den engelskspråklege tradisjonen gjerne seier Prestesigninga (Priestly Blessing).
Velsigninga vart i fylgje Fjerde Mosebok gjeven av Gud til Moses, og israelsfolkets fyrste øvsteprest, Aron, vart pålagt å bruke ho. Signinga blir framleis bruka i jødedommen, og i tillegg har signinga sidan reformasjonen vore bruka i protestantiske gudstenester.
Den hebraiske originalen av teksten frå Toráen (Mosebøkene):
יְבָֽרֶכְךָ֥ יהו֖ה וְיִשְׁמְרֶֽךָ׃
| |
Norsk omsetjing: |
Transkripsjon: |
Det er skikk at foreldra seier denne signinga over borna sine medan dei held ei hand på hovudet åt barnet mellom kveldsgudstenesta og kveldsmåltidet på fredag kveld.
Når ein velsignar ein son, så legg ein handa på hovudet hans og seier først:
Når ein velsignar ei dotter, så innleier ein dette på same vis, men med andre innleiingsord i våre dagar. Den eldre tradisjonen, som truleg berre går tilbake til 1700-talet, er å seie:
Frå slutten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å seie:
Etter innleiingsorda, seier ein sjølve Birkàt kóhaním medan ein framleis held handa på hovudet åt barnet. Portugisarjødar (vest- og nordeuropeiske sefardím) legg tradisjonelt til eitt vers til som konklusjon:
וְשָׂמ֥וּ אֶת־שְׁמִ֖י עַל־בְּנֵ֣י יִשְׂרָאֵ֑ל וַֽאֲנִ֖י אֲבָֽרְכֵֽם׃
Transkripsjon: Vəsamú et-Šəmí ‘al-bəné Jisra’él; và’aní abárəkhém.
Omsetjing: Og dei skal setja Namnet Mitt på Israels born; og Eg skal signe dei.
Birkàt kóhaním inngår ofte òg i livssyklusritual som zebed habbát og bryllaup.
I jødedommen inngår Birkàt kóhaním i ‘Amidáen som ein del av den siste signinga der i morgongudstenester og ettermiddagsgudstenester med minján.
Den aronittiske velsigninga har ikkje nokon tradisjonell plass i den katolske kyrkja, men etter reformasjonen vart denne signinga teken opp av fleire evangelisk-lutherske kyrkjer, inkludert i Tyskland, Danmark og Noreg. Bruken av signinga er inspirert av jødedommen, men blir tolka i ein annan teologisk tradisjon: Signinga blir sett som ein allusjon til Den kristne treeininga, noko som òg blir understreka av det føregåande tredoble Halleluja og dei etterfølgjande tre gonger tre kyrkjeklokkeslaga.
Gudstenester i Den norske kyrkja blir avslutta med at presten lyser den aronittiske velsigninga over kyrkjelyden, som svarer med tre amen. Lysinga og svaret blir gjerne sunge.[1] Denne signinga har vore brukt sidan reformasjonen i Danmark-Noreg.[treng kjelde]
Det 24. leddet i Ordning for hovudgudsteneste — etter avslutningssalma — er:
I tyske protestantiske kyrkjer gjer ein ofte om «dich»/«dir» (‘deg’) til «euch» (‘dykk’):
Dette heng saman med ei kollektiv forståing av eintalspronomenet i den hebraiske originalteksten.[2]
Når Den aronittiske velsigninga blir uttala av lekfolk, blir 2. personspronomena ofte utbytte med første person fleirtal i tyske evangeliske kyrkjer: