Skjematisk framstilling av menneskeauga. Hornhinneranden er merka som Limbus, og ligg mellom hornhinna (kornea) og sklera.
Hornhinneranden eller limbus (av latin «limbus corneae») er grensa mellom hornhinna og sklera (det kvite i auga). Det er ikkje uvanleg at det oppstår svulstar i hornhinneepitelen, som ligg framfor hornhinneranden, heilt ytst på hornhinna. Limbus inneheld radialt innretta, fibrovaskulære ryggstrukturar kjent som Vogts palisader, som kan innehalda stamceller.[1] Vogts palisader er vanlegare i dei øvre og bakre kvadrantane rundt auga.[2] Aniridi er ein medfødd anomali i regnbogehinna som øydelegger den vanlege barrieren mellom hornhinna og dei konjunktivale epitelcellene på limbus.