Kammervatnet (av latin «humor aquosus») er ei transparent, gelatinøs væske som liknar på blodplasma, men som inneheld veldig låge proteinkonsentrasjonar.[1] Den blir skilt ut frå sanselekamen, ein struktur som støtter augelinsa.[2] Væska finst i det fremre og bakre augekammeret, rommet mellom linsa og hornhinna. Den må ikkje forvekslast med glaslekamen, som finst i den store augehòla bak linsa.
Kammervatn blir skilt ut i det bakre augekammeret av sanselekamen, meir spesifikt det ikkje-pigmenterte epitelet i sanselekamen (pars plicata). Den flyt gjennom den smale kløfta mellom framsida av linsa og baksida av regnbogehinna, gjennom pupillen og ut i det fremre augekammeret, og drenerar ut av auga gjennom trabekelverket. Den går vidare inn i Schlemms kanal på ein av to måtar. Anten direkte gjennom vassvenene til episkleralvenene, eller indirekte gjennom samlekanalane til episkleralvenene via det intrasklerale pleksus og vidare ut i venene i augehòla. 5-alfa-dihydrokortisol er eit enzym som blir hemma av 5-alfa-reduktasehemmarar, og som moglegvis spelar ei rolle i produsjonen av kammervatn.[3]
Kammervatn blir laga kontinuerlig av ciliærprosessane, og produksjonsraten må balanserast slik at drenasjen er like stor som produksjonen.[1] Små variasjonar i produksjon og avlaup kan ha store innverknadar på det intraokulære trykket.
Dreneringsruta for kammervatnet går fyrst gjennom det bakre augekammeret, før den renn ut gjennom eit smalt rom mellom den bakre regnbogehinna og den fremre augelinsa. Det smale rommet aukar motstanden, før kammervatnet flyt gjennom pupillen og ut i det fremre augekammeret. Kammervatnet flyt vidare ut gjennom trabekelverket og inn i Schlemms kanal (ein kanal ved hornhinneranden; grensa mellom hornhinna og sklera, som omsluttar hornhinna).[4] Den flyt så gjennom 25—30 samlekanalar og inn i episkleralvenene.[1] Den største motstanden oppstår i trabekelverket, og det er her storparten av utstrauminga går. Dei indre veggane i kanalen er veldig delikate, og det høge trykket i auga sørger for at væska blir filtrert.[4] Den andre dreneringsruta går gjennom den uveosklerale drenasjen og er uavhengig av det intraokulære trykket. Berre ein liten del (5—10%) av kammervatnet renn gjennom dette avlaupet.
Væska er oftast 15 mmHg over det atmosfæriske trykket, så ved sprøytebruk flyt den lett. Viss væska lekker, som følgje av kollaps eller forvitring av hornhinna, så vil hardleiken til auga auke.[4]
Utdjupande artikkel for dette emnet er Glaukom.
Glaukom er ein tilstand der auka eller nedsett produksjon av kammervatn fører til auka intraokulært trykk. Auka motstand mot kammervatnavlaup kan skuldast anomaliar i trabekelverket. Trabekelverket kan òg øydeleggast ved skade eller sjukdom i regnbogehinna. Auka intraokulært trykk er likevel verken tilstrekkeleg eller naudsynleg for å utvikle eit primært openvinkelglaukom, sjølv om det er ein stor risikofaktor. Ukontrollert glaukom plar å føre til synsfelttap og i siste instans blindskap.