«Igranka»
Eurovision Song Contest 2013
Land Montenegro
Artist(ar) Dejan Dedović og Mario Đorđević
Alias Who See
Språk Montenegrinsk
Komponist(ar) Wikluh Sky
Låtskrivar(ar) Who See
Resultat
Semifinalepoeng 41
Semifinaleplass 12
Finalepoeng X
Finaleplass X
Montenegro i Eurovision Song Contest
«Euro Neuro»
(2012)
«Igranka» «Moj svijet»
(2014)

«Igranka» (montenegrinsk for Dans) var det montenegrinske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på montenegrinsk av Who See. Songen er skriven av Wikluh Sky og Who See.

Eurovision Song Contest 2013

12. februar 2013 vart det kjend at «Igranka» ville representere Montenegro i Eurovision Song Contest 2013.[1] Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Montenegro vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1

Songen starta som nummer ni, etter Nederland med «Birds» av Anouk og før Litauen med «Something» av Andrius Pojavis. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen.

Kjelder

Fotnotar

  1. «Montenegro: Who See to sing Igranka in Malmo» (på engelsk). ESCToday. Henta 23. mars 2013.