← ![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b7/EuroSerbia-Montenegro.svg/15px-EuroSerbia-Montenegro.svg.png)
|
Montenegro
|
|
|
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d7/EuroMontenegro.svg/125px-EuroMontenegro.svg.png)
|
|
Uttakingar
|
Nasjonalt |
4
|
Internt |
8
|
Deltaking
|
Debutår |
2007
|
Deltakingar |
12
|
Beste resultat
|
Semifinalen |
7 (2014)
|
Finalen |
13 (2015)
|
Verste resultat
|
Semifinalen |
22 (2007)
|
Finalen |
19 (2014)
|
Poeng
|
Semifinalane |
516
|
Finalane |
81
|
Totalt |
597
|
Montenegro debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke tolv gongar. Montenegro deltok tidlegare i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia, både som Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia frå 1961 til 1991 og Den føderale republikken Jugoslavia i 1992, og deretter Serbia og Montenegro i åra 2004-2006. Frå 2007 har Montenegro delteke som sjølvstendig nasjon. Sidan debuten har Montenegro berre kvalifisert seg til finalen to av tolv gongar, sist i 2015.[1]
Historikk
Montenegro var tidlegare ein del av Jugoslavia som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Året etter og fram til 2003, fekk ikkje Jugoslavia deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.[2][3]
Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og grunngav det med at for mange land ville bli ståande utanfor finale om ein slapp inn fleire nye land.[4] I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ei montenegrinsk folkeavrøysting om lausriving. Montenegro erklærte sitt sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia.[5] Begge landa debuterte som sjøvstendige nasjonar i Eurovision Song Contest i 2007.
Liten suksess
I motsetning til nabolandet Serbia, har Montenegro hatt liten suksess i Eurovision Song Contest. Etter tre år utan finaleplass valde den montenegrinske kringkastaren Radio Televizija Crne Gore (RTCG) å trekkje seg i 2010. Årsaka var den vanskelege økonomiske situasjonen hos kringkastaren RTCG.[6]
Etter to år vekke frå tevlinga, kom Montenegro tilbake igjen til Eurovision Song Contest i 2012, men kvalifiserte seg fyrst til ein finale i 2014 - på sitt sjette forsøk. I si fyrste finaledeltaking vart Montenegro nummer 19 av 26, og året etter kom den førebels beste plasseringa til Montenegro i Eurovision Song Contest; ein trettandeplass. Sidan den gongen har ikkje Montenegro kvalifisert seg til finalen.