Kleine saamische Schriften (norsk 'samiske småskrifter')[1] var ein skriftserie som blei grunna i 2008 av Michael Rießler og Elisabeth Scheller ved Humboldt-universitetet i Berlin for å publisere tverrfaglege bidrag om språk, litteratur og kultur i Sápmi (Sameland).[2][3] Rießler og Scheller var utgjevarar (tysk Herausgeber) til serien blei innstilt i 2014, etter at berre to titlar blei gitt ut. Han fortsette sidan under namnet Samica.[4]
Forlagsaktiviteten hadde reint vitskaplege og ingen økonomiske mål. Bind 1 er ei lita samling av kildinsamiske folkloristiske eventyr av læraren Lazar Dmitrievitsj Jakovlev (1918–1993) frå Lovozero. Tekstene skulle støtte undervisninga i dette trua språket. Bind 2 er den andre utgitte diktsamlinga av den skoltesamiske forfattaren og diktaren Askold Bazjanov (1934–2012). I tillegg til den russiske originalversjonen, presenterer boka også for første gong ei engelsk omsetting av poesien til Bazjanov. Boka blei til takka vere Elisabeth Schellers innsats som redaktør (tysk Lektor).[5][6]