Kvenflagget (kvensk kvääniflaku) er eit flagg som sidan 2009 har vorte nytta av kvener i Noreg, Sverige og Finland. Flagget er designa av Bengt Johansson-Kyrö.
Formgjevaren til kvenflagget er kunstnaren Bengt Johansson-Kÿrö frå Jukkasjärvi utanfor Kiruna i Nord-Sverige. Flagget har mørkeblå bakgrunn og motiv frå ein solblome eller ei solrose (kvensk aurinkonkukka eller auringonkukka) som er funne på ei rekke gjenstandar i det kvenske området: Kvenland. Døme på slike gjenstandar skal mellom anna vera jakthorn, vevstolar, båtar m.m. Solrosa vert stadig nytta innan tradisjonelt käsityö, som er kvensk kunsthandverk.
Flaggdesignen var klar allereie i 2007 Kvenlandsförbundet arrangerte ein konkurranse for å få laga eit kvenflagg. Johansson-Kyrös design vann konkurransen.[1] Det var først i 2009 at Kvenlandsforbundet vedtok å ta flagget i bruk. Dette skjedde på eit møte med medlemmer frå Noreg, Sverige og Finland.[2]
Flagget vart først brukt på ei offentleg flaggstong utanfor rådhuset i Kiruna på Kvenfolkets dag i 2013.[3] I 2017 vart flagga hange opp ved Rådhuset i Storfjord kommune, og for første gang flagga ein kommune i Noreg på Kvenfolkets dag.[1]
På landsstyremøtet i Norske Kveners Forbund 29.-30. april 2017 vart flagget til Kvenlandsforbundet òg vedtatt brukt av NKF.[4]
I mars 2018 heisa mellom anna Kvænangen kommune kvenflagget for første gang, det same gjorde Nordreisa[5], Porsanger[6] og Troms fylkeskommune[7], og i mars 2019 vart flagget heisa i Tromsø på Kvenfolkets dag.[8][9]
I 2018 avslo det norske Kommunal- og moderniseringsdepartementet ei oppfordring frå Norske kveners forbund om ei offentleg godkjenning av Kvenflagget. Departementet sa samtidig at norske kommunar og andre stod fritt til å bruka flagget til å markera Kvenfolkets dag og andre hendingar.[10]
I 2022, 15 år etter at flagget vart til, fekk Johansson-Kyrö utdelt den første nordiske kvenske kulturprisen for innsatsen sin. I grunngjevinga for prisen stod det:
Siden 2007 og 2013 har flagget blitt den viktigste materielle markøren for det kvenskfinske. Johansson-Kyrös vinnerbidrag fra 2007 i Kvenlandsförbundets konkurranse tar ett urgammelt kven- og finnesymbol inn i et hav av nye muligheter for alle kvener og likesinnede. Bengt Johansson-Kyrö er den riktige mottaker av den første nordiske kvenske kulturprisen.[11]