Storfjord kommune | |||
Omasvuona suohkan Omasvuonon kunta | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Oteren | ||
Areal | 1 543 km² | ||
- land | 1 484 km² | ||
- vatn | 59 km² | ||
Folketal | 1 825 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Geir Varvik (H) | ||
Kommunenr. | 5538 | ||
![]() Storfjord kommune 69°16′43″N 20°17′12″E / 69.278611111111°N 20.286666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Storfjord | |||
Nettstad: www.storfjord.kommune.no | |||
Storfjord, på nordsamisk Omasvuotna og på kvensk Omasvuono,[1][2] er ein kommune i Troms fylke. Kommunen er kalla opp etter Storfjorden som er den inste delen av Lyngenfjorden.
Storfjord kommune vart oppretta i 1929 i dåverande Troms fylke, då kommunen vart skilt ut frå Lyngen kommune. Kommunen har vorte utvida to gonger med to ubygde område: I 1964 vart garden Elvebakken overført frå Balsfjord kommune og i 1992 vart ein gard i grunnkrinsen Nordnes overført frå Lyngen kommune.
Folketalsutvikling for Storfjord kommune frå 1930:
1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1499 | 1721 | 1847 | 1868 | 1743 | 1887 | 1889 | 1856 | 1888 |