Nenetsi
nenets
Klassifisering uralske språk
 samojediske språk
  nordsamojediske språk
Talarar nenetsar, nenetsarar
Bruk
Tala i Russland
Område Nenetsia, Jamal Nenetsia, Taimyr
Nenetsitalande i alt 31 300 (2002)
Skriftsystem kyrillisk
Offisiell status
Offisielt språk i Nenetsia, Jamalo-Nenetsk, Tajmyr
Språkkodar
Glottolog nene1249

Tundranenetsisk (tidl. jurakisk, jurakkisamojedisk) er eit uralsk språk. I lag med skogsnenetsisk utgjer dei dei nenetsiske språka i den nordlege delen av den samojediske språkgreina. Andre nordsamojediske språk er enetsisk, juratsisk og nganasansk.

Ved folketeljinga i 2002 var det 31 311 nenetsiskspråklege av ei befolkning på 41 302 nenetsar. Etter den sovjetiske statistikken frå 1989 var det 27 273 nenetsiskspråklege, av dei hadde 26 730 nenetsisk som morsmål og 543 nenetsisk som andrespråk. Nenetsisk blir snakka i den nordlege delen av Russland, på begge sidene av Uralfjella, i Nenetsia, Jamalo-Nenetsk, Tajmyr og på Kolahalvøya.

Grammatikk

Fonologi

Vokalar

Tundranenetsisk har 10 vokalar, dei har 17 ulike allofonar, fordelinga er styrt av palatalisering[1]

Monoftongane i nenetsisk er presenter i tabellen.

Fremre Sentral Bakre
Urunda Urunda Urunda Rounded
Lukka i
[i], [ɨ]
u
[ɯ], [u]
Midtre e
[(ʲ)eː], [ɤː]
o
[(ʲ)o̙ː], [oː]
Mid °
[ə]
Open a
[(ʲ)ɑː], [ɑː]

Konsonantar

Nenetsisk har 32 konsonantar. Skjemaet nedanfor bruker det uralske fonetiske alfabetet og ikkje IPA.

Ustemte lukkelydar k p t
Stemte lukkelydar g b d
Frikativar s ś ʒ ʒ́ ʦ ʦ́
Nasalar m ḿ n ń ŋ
Lateralar og tremulantar l ĺ r ŕ
Andre lydar h w j '

Vokalar Nenetsisk har sju vokalfonem.

Morfologi

Skriftspråk

Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på nenetsisk. Rett etter revolusjonen fekk nenetsisk, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk det kyrilliske alfabetet, med tre tilleggsbostavar, samanlikna med repertoaret for russisk.

А а Б б В в Г г Д д Е е Ё ё Ж ж
З з И и Й й К к Л л М м Н н Ӈ ӈ
О о П п Р р С с Т т У у Ф ф Х х
Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ Ъ ъ Ы ы Ь ь Э э
Ю ю Я я ' "

Litteratur

Fotnotar

Fotnotar
  1. Jf. Salminen (1997), pp. 36-37
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.