Pitesamisk bidumsámegiella | ||
Klassifisering | Uralsk samisk | |
Bruk | ||
Tala i | Noreg, Sverige | |
Område | Nordland, Norrland | |
Pitesamisktalande i alt | ca. 25–50[1] | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | latinsk alfabet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | sje |
Pitesamisk eller arjeplogsamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Dei få talarane som er att bur hovudsakleg i Sverige, kring og sør for Pite älv på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur; og det bur òg nokre få i Salten på norsk side.
I Sverige bur 30-40 talarar.[2] I Noreg har det vorte hevda at dei «siste som hadde pitesamisk som morsmål» skal ha døydd på 1950-talet,[3] men pitesamiske språkbrukarar i Fauske kommune vart refererte til i kjelder frå tidleg i 2000-åra, [4] og framleis i dag finst nokre få morsmålstalarar i Fauske kommune.[5]
Språkområdet er på nordsida av Arvidsjaur og Arjeplog, langs Pite älv.[2] Det norske språkområdet er avgrensa «av Saltenfjorden i nord og Ranfjorden i sør, og omfattar Beiarn, Saltdal, Gildeskål, Meløy, Rødøy, deler av Bodø og deler av Fauske kommuner.»[6]
I Bodø driv det pitesamiske senteret Duaddara ráfe med arbeid for å revitalisera pitesamisk språk og kultur.[6] På 2010-talet byrja nokre nordmenn få opplæring i språket.[2]
Pitesamisk har i følgje Lehtiranta 1992 s. 74 det klassiske 5-vokalsystemenet (hos Lehtiranta notert som i, u, e, å, a):
fremre | midtre | bakre | |
---|---|---|---|
lukka | i | u | |
halvopen | ɛ | ɔ | |
open | ɑ |
I tillegg har pitesamisk fire lange vokalar, to av dei er diftongert (hos Lehtiranta notert som ie, uo, aa, åå):
fremre | midtre | bakre | |
---|---|---|---|
lukka | iɛ | uɔ | |
halvopen | ɔ: | ||
open | ɑ: |
Pitesamisk og umesamisk står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge desse har både det nordlege trekket stadieveksling og det sørlege trekket omlyd i større eller mindre grad.
Pitesamisk har til felles med lulesamisk og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon (såkalla stadieveksling) etter visse grammatiske reglar:
(Det same trekket finn vi att i den sørlege naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)
Sørlege dialektar av pitesamisk har til felles med nabospråka i sør, umesamisk og sørsamisk, at rotvokalen i mange fall skiftar etter endingsvokalen. Dette fenomenet kallar vi omlyd. Peter Steggo har sett opp ei matrise med i alt ni omlydsrekkjer og seks omlydssteg på pitesamisk.[7] Vi kan oppsummere dette med å seie at:
I tabellform får vi da:
Lang rotvokal | Kort rotvokal | Endingsvokal | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
á | ie | uo | åå | a | i | u | o | |||
III | I–II | III | I–II | |||||||
á | ä | ie | ua | uo | åå | a | i | u | å | á a å o |
uä | e | |||||||||
ä | e | u | i | u | i ij u uj |
Merk at denne matrisa, som byggjer på Peter Steggo si matrise, manglar det korte vokalfonemet /e/ som er inkludert i det pitesamiske fonemsystemet som skildra av Lehtiranta.
I Qvigstads oversiktsverk De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker (Oslo 1938) finn vi blant anna formene Fiewsajaw’rē (Kartverket: Fievsajávrre/Botnvatnet) ved Rognan i Saltdal kommune; og det underliggjande gardsnamnet Fæw’sa (stadium III) ved øverenden av dette vatnet. Tilsvarande har Qvigstad Dælbma (st. III; Kartverket: Dælmma / Tverråfjellet) i Beiarn kommune og den avleidde forma Dielmanjunnē på same staden. I desse namna — både frå Saltdal og frå Beiarn — har Qvigstad registrert veksling mellom æ i sterkt stadium (st. III) og ie i svakt stadium.
Qvigstad har:
Suličælbma | u-i | Sulitjelma | Fauske kommune |
Pitesamisk har ni ulike kasus, nominativ, akkusativ og genitiv, dei lokale illativ (‘inn i’), inessiv (‘inni’) og elativ (‘ut av’), og dei ikkje-lokale adverbiale komitativ (‘med’), essiv (‘som’) og abessiv (‘utan’). Kasusbøyinga går fram av paradigmet for juällge ‘fot’, räjjdo ‘arbeidsreidskap’ og namma ‘namn’:
Kasus | -ie (sg) | -ie (pl) | -uo (sg) | -uo (pl) | -a (sg) | -a (pl) |
---|---|---|---|---|---|---|
Nom | juällge | juolge | räjjdo | riejdo | namma | nama |
Akk | juolgev | julgijt | riejdov | riejduojt | namav | namajt |
Gen | juolge | julgij | riejdo | riejdoj | nama | namaj |
Ill | juallgáj | julgijda | rejduj | riejdojda | nammaj | namajda |
Ine | juolgen | julgijn | riejdon | riejduojn | naman | namajn |
Ela | juolgest | julgijst | riejdost | riejduojst | namast | namajst |
Kom | julgijn(a) | julgij | rejdujn(a) | riejdoj | namajn(a) | namaj |
Ess | juällgen | räjjdon | namman | |||
Abe | juolgedak | riejdodak | namadak |
Som det går fram av paradigmet, har pitesamisk stadieveksling og omlyd. Omlyden er mindre gjennomført lengst nord.
Pitesamiske verb blir bøygd i tre personar, to tempora, tre tal og fire modi. Nektingsverbet blir bøygd i tempus.
I 2014 kom A grammar of Pite Saami av Joshua Wilbur,[8] 2015 kom Pitesamisk grammatik av Ann-Charlotte Sjaggo[9] og i 2016 Pitesamisk ordbok, frå skriftserien Samica.[2] Det offisielle skriftspråket som pitesamisk har hatt siden 2019.[10][11] byggjer på desse tidligere arbeid om pitesamisk grammatikk, ordforråd og ortografi.