Samisk kunst er ulike former for kunst laga av samiske kunstnarar.
Historiske former for samisk biletkunst er helleristingar, som dei i helleristingsområdet i Alta, og dekorasjonar på runebommer. Tradisjonelt handverk eller duodji kan også vera utgangspunkt for kunsthandverk og for rein kunst.[1]
Den fyrste samiske forfattaren Johan Turi illustrerte sjøl boka si Muitalus sámiid birra frå 1910 i ein naivistisk stil som kan minna om den på runebommer og hellerisitngar.[1] Nils Nilsson Skum verka før og etter andre verdskrigen med skildringar av livet og virket til reindriftssamar. På same viset skildra John Savio samisk liv i fleire ulike teknikkar. Frå 1970-talet blei kunstutøvinga utvida både med omsyn til form og innhald, til dømes ved at ein tok for seg politiske emne eller ved at ein fann inspirasjon i duodji. Iver Jåks, Aage Gaup og Ingunn Utsi er døme på kunstnarar som nyttar denne tankegangen. Gaup, Utsi og andre unge kunstnarar skipa i 1978 Masi-gruppa, som var utgangspunkt for skipinga av Sámiid dáidačehpiid searvi (Samiske kunstneres forbund) i 1979. Andre nyare samiske biletkunstnarar er Rose-Marie Huuva, Britta Marakatt-Labba, Synnøve Persen, Hans Ragnar Mathisen og Berit Marit Hætta.[1]
I 2022 blei den nordiske paviljongen ved Venezia-biennalen til ein samisk paviljong.[2] Dei tre kunstnarane Pauliina Feodoroff, Máret Ánne Sara og Anders Sunna var representerte.[3] Alle tok for seg vanskane til samar i alle landa dei bur i som urfolk i møte med styresmaktene.[4][5]
Samisk kunstnerråd (nordsamisk Sámi dáiddaráđđi, SDR) er eit felles administrativt sekretariat for dei fem samiske kunstnarorganisasjonane Juoigiid Searvi, Samisk kunstnerforbund (Sámi Dáiddačehpiid Searvi/Sámi Artists Union, SDS), Samisk Forfatterforening (Sámi Girječálliid Searvi), Samiske Komponister (Sámi Komponisttat) og Sámi Teáhter Searvi (STS). Sámi Dáidačehpiid Searvi er ein sjølvstendig del av Nordisk kunstnerforbund.[1]