Adrian Petit Coclico er ein namneberar frå mellomalderen.

Adrian er eit mannsnamn av latinsk opphav. Det er òg noko brukt som slektsnamn. Adrian har namnedag den 4. mars.

Adrian er, som Hadrian, avleidd frå det latinske Hadrianus, som tyder 'frå Hadria'. Byen det er snakk om heiter no Adria, og har gjeve namn til Adriahavet.

Namnet har variantar som italiensk og spansk Adriano, fransk Adrien, nederlandsk Adriaan og kroatisk Jadranko. Det har kortformer som Ad, Adi, Adri, Ardi, Arri, Arie, Arjan, Jaans og Daan. Nokre kvinnelege former av namnet er Adriana, Adrienne og Adrianne.

Bruk

Namnet Adrian var lite brukt i Noreg fram til 1970-åra, då bruken tok til å veksa. Sidan om lag 1985 har bruken av namnet skote i vêret, og i tida rundt 2000 blei over 1,0 % av nyfødde gutar kalla Adrian. I 2009 var det 6 245 norske menn som heitte Adrian.

Namneberarar

Kristne leiarar og helgenar

Den russisk-ortodokse helgenen Adrian av Poshekon.

Det finst minst 14 kristne helgenar, 6 pavar og 1 patriark med namnet Adrian. I norsk tradisjon er pavenamna skrivne Hadrian. Patriarken Adrian verka under Peters den store.

Kjende helgenar kalla Adrian er først og fremst Adrian av Nikomedia, ein kristen romersk soldat som blei halshugd i den aust-romerske byen Nikomedia (no Izmit i Tyrkia) i Diokletians tid (300-talet). Minnedagen hans i den katolske kyrkja er 4. mars.

Adrian av Canterbury (døydde 710) var katolsk erkebiskop av Canterbury og kom opphavleg frå Nord-Afrika. Det er knutt mange under til grava hans.

Andre katolske helgenar er:

Russisk-ortodokse helgenar:

Andre

Skodespelaren Adrien Brody.

Oppdikta

Etternamn

Kjelder