Alex Brinchmann

Pseudonym Roy Roberts
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1888
Christiania
Død

18. april 1978 (89 år)

Yrke skribent, lege, barnelege
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Born Arild Brinchmann, Helen Brinchmann

Alexander Brinchmann (15. juni 188818. april 1978) var ein norsk forfattar og barnelækjar frå Oslo.

Biografi

Alex Brinchmann blei cand. med i 1912, og studerte barnesjukdommar ved Charité-sjukehuset i Berlin i 1913-1914. I 1921 vart han godkjend som spesialist i barnesjukdommar, og i 1922 vart han dr. med. Brinchmann gav ut ei rekkje vitskaplege artiklar innan pediatri, m.a. om nedkjemping av tuberkulose hjå born. I 1933 - 1934 var han formann i Norsk Pediatrisk Selskap, den noverande Norsk barnelegeforening. I tillegg til å jobba på Rikshospitalet ei tid, dreiv han privat lækjarpraksis i Oslo frå 1914 - 1972.

I 1927 debuterte han som skjønnlitterær forfattar under pseudonymet Roy Roberts. Dette pseudonymet nytta han i ei rekkje populære kriminalromanar han gav ut fram til 1971. Mann i gul frakk (1946) vert av mange halden for å vera den beste kriminalromanen hans.

Brinchmann gav også ut romanar under sitt eige namn, samt fleire skodespel. I hans komedie Karusell frå 1940 er det ein replikk som har gått inn i det norske språket som eit eige uttrykk, nemleg: «Piller og piller, fru Blom!» Piller vert i uttrykket bytt ut med det som passar for høvet.

Brinchmann fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1952. Han vart far til skodespelaren Helen Brinchmann og regissøren Arild Brinchmann.

Bøker

Kriminalromanar av Roy Roberts

Andre romanar

Dramatikk

Medisinsk faglitteratur

Anna

Kjelder

Bakgrunnsstoff