59°56′50.903″N 10°42′58.464″E / 59.94747306°N 10.71624000°E / 59.94747306; 10.71624000

Rikshospitalet på Gaustad, tilkomsttorg med hovudinngang til høgre, inngang kvinne- og barneklinikk til venstre. (Foto: Kjetil Lenes)

Rikshospitalet, eit norsk somatisk sjukehus, grunnlagt i 1826 i Christiania (Oslo). Det ligg på Gaustad i Oslo, mellom Blindern og Sognsvann, og har ei tett tilknyting til universitetet i Oslo.

Rikshospitalet er frå 1. januar 2009 underlagt (eller del[1] av) Oslo Universitetssykehus HF saman med dei tidlegare Aker Universitetssykehus HF og Ullevål universitetssykehus HF. Rikshospitalet har ei rekke landsfunksjonar.

Historie

Det første sjukehuset

Rikshospitalet blei oppretta for å skaffe Det Kgl. Frederiks Universitet (oppretta 1811) betre vilkår for eit medisinsk fakultet. Christiania hadde den gongen ikkje noko riktig sjukehus for sivile, berre Christiania garnisonssykehus på Hammersborg. I 1814 innstilte Det kongelige norske Sundhedscollegium på bygging av eit sjukehus med 150 senger og ein fødselsstiftelse med plass til 30. Fødselsstiftelsen blei provisorisk oppretta i 1818.

16. oktober 1826 flytta Rikshospitalet inn i lokala til militærhospitalet på Hammersborg. Det fekk 100 medisinske og kirurgiske senger og ein filial i Lille Strandgade der Christiania sivile sygehus blei hudavdeling med 55 senger. At hudavdelinga var ein tredel av sjukehuset speglar kva medisinen kunne gjera noko med den gong.

Fødselsstiftelsen kom på plass i eit hus ved sida av i 1837. Dette huset var teikna av arkitekt Christian Heinrich Grosch som òg teikna ei utviding av Rikshospitalet. Murbygningen, som ho blei heitande, var ferdig i 1842. Etter kvart blei det oppretta ei eiga avdeling for born i lokala til fødselsstiftelsen. Der blei det plass til 10-15 ungar.

Ein trong stadig plass for fleire pasientar og det blei leigd rom i hus og eigedommar rundt sjukehuset. Før flyttinga frå Akersgata hadde sjukehuset plass til 289 pasientar; 173 medisinske og kirurgiske pasientar, 79 med hud- og kjønnssjukdomar, 22 barselkvinner og 15 born.

Det andre sjukehuset

I 1862 løyvde Stortinget pengar til kjøp av tomt til nytt Rikshospital. Etter mange ordskifte om medisin og økonomi stod sjukehuset ferdig i 1883. Det låg ved Pilestredet, ned mot Nordahl Bruns gate og hadde fleire hus rundt ein sentral plass med fontene. Hovudinngangen var i huset på hjørnet mot Langes gate. Det var 174 medisinske og kirurgiske plassar, 72 for hud- og kjønnssjukdommar og 18 isolasjonssenger. Isolasjonssengene var med tanke på smittsame sjukdommar som t.d. tyfoidfeber. Fødselsstiftelsen og barneavdelinga var det ikkje blitt plass til. Arkitektar for det nye sjukehuset var Heinrich E. Schirmer og Jacob Wilhelm Nordan.

Dette var aldeles for få senger, historia framover blei derfor ei historie om evig plassmangel og stadige påbyggingar. Det var heile tida ein føresetnad at når det gjaldt vanlege sjukdommar så skulle det ikkje vera plass til fleire pasientar enn det ein trong til undervisinga av medisinarane. Derimot skulle dei store spesialklinikkane vekse, som t.d. hud-, auge- og barneavdelingane.

Fødselstiftelsen kom etter i 1914 då den nye Kvinneklinikken blei bygd opp mot Stensgata, på det som blei kalla Nattmannshaugen. Tomta hadde blitt kjøpt alt i 1890. Deretter kom augeavdelinga i 1915, hudavdelinga i 1929, kirurgblokka kom stegvis frå 1935 til 1950, barneklinikken kom som fredsgåve frå Sverige i 1950 (med ekstra fløy i 1990), øyre-nase-halsavdelinga i 1967, patologibygget i 1971 og til slutt plastisk kirurgisk avdeling i 1989.

På 90-talet byrja også andre sjukehus å bli lagt inn under Rikshospitalet.

Ved flyttinga var det over 4000 tilsette, av desse var om lag 500 legar og 1 700 pleiepersonell.

Tomta i Pilestredet er no bygd ut til undervisningsformål og bustadar med namnet Pilestredet Park. Nokre av dei gamle husa står framleis.

Det tredje sjukehuset

Rikshospitalet flytta frå Pilestredet til Gaustad i 2000 etter ein lang prosess. Det ligg saman med to universitetsbygg; Domus Medica og Domus Odontologica, og eit sjukehotell med 90 rom.

Rikshospitalet vart frå 1. januar 2005 ein del av helseforetaket Rikshospitalet–Radiumhospitalet HF saman med Radiumhospitalet. Sjukehuset vart ei tid kalla, Rikshospitalet–Radiumhospitalet HF avdeling Gaustad.

Frå 1. januar 2009 vart sjukehuset del av Oslo universitetssykehus HF, som er eit helseforetak underlagt Helse Sør-Øst RHF.[1]

I dag

Organisering

Rikshospitale har avdelingane

Avdeling for nyfødtscreening

Fødeavdelingen

'Nasjonal kompetansetjeneste for dekontaminering

Seksjon for overekstremitets- og mikrokirurgi (også kjent som «håndseksjonen») på Rikshospitalet er en videreføring av det tidligere håndkirurgiske miljøet på Kronprinsesse Märthas Institutt (KMI).
Pasientkoordinering: Operasjon Rikshospitalet

Funksjonar

Rikshospitalet har 585 senger. Halvparten er kirurgiske senger og kvar fjerde seng er ei barneseng. 44 senger er definert som post-operative eller intensivsenger. Det er 27 operasjonsstuer på sjukehuset.

Kvart år vert meir enn 30 000 pasientar lagt inn på Rikshospitalet til heildøgnsopphald. 20 000 pasientar får dagbehandling, og det vert gjennomført 160 000 polikliniske konsultasjonar.

Sjukehuset er eit universitetssjukehus med brei medisinsk forsking og undervising. Det har òg mange lands- og fleirregionale funksjonar, til dømes transplantasjonskirurgi og kirurgi på småbarn, og tek derfor imot pasientar frå andre landsdelar for høgspesialisert behandling.

Sjukehuset har dei siste åra hatt ein omfordeling av arbeidsområde i høve til andre sjukehus u Oslo. Ullevål Universitetssjukehus har teke over augeavdelinga frå Rikshospitalet, mens Rikshospitalet har teke øyre-nase-hals-sjukdommar frå Ullevål. Ulike funksjonar innanfor revmatologi er delt med Diakonhjemmet sykehus, og ortopedi med Ullevål.

Universitetstilknyting

Rikshospitalet var det einaste universitetssjukehuset i Noreg i over hundre år. Det er framleis opplæring av studentar i medisin ved sjukehuset og fleire universitetsinstitutt er tilknytte sjukehuset, mellom anna Rettsmedisinsk institutt, Institutt for kirurgisk forsking, Pediatrisk forskningsinstitutt og Senter for helseadministrasjon.

Kjell Mardon Gunvaldsens Balanse heng over vegkrysset i Glassgata. (Foto: Kjetil Lenes)

Bygnaden

Arkitektur

Sjukehuset er teikna av Medplan A/S Arkitekter og har over 100 000 kvadratmeter golvareal, ikkje medrekna sjukehotell og universitetsareal. Det er påbygd to gonger sidan det var ferdig i 2000.

Huset er tenkt som ein by med hovudinngang og inngang til kvinne- og barneklinikkar frå eit ope torg (bilete øvst på sida). Frå hovudinngangen kjem ein inn i «glasgata». Det er ein opning med glastak i heile husets høgd og lengde. Poliklinikkar og sjukeavdelingar ligg ut mot denne gata. Unntaket er kvinne- og barneklinikkane som ligg som ei grend for seg sjølve på nordsida av sjukehuset.

Kunst

Kunsten på Rikshospitalet er den største offentlege kunstsamlinga utanfor musea i Noreg. Det blei laga ein plan for kunsten ved sjukehuset som ein del av planlegginga. Det er gjeve oppdrag til 44 kunstnarar, det er kjøpt inn eit eller fleire verk av 55 til, og det er kjøpt inn over 200 grafiske blad til artoteket på sjukehuset.

Sjå òg

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rikshospitalet

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Braut, Geir Sverre. (2014, 28. mars). Rikshospitalet. I Store medisinske leksikon. Hentet 11. juni 2018 fra https://sml.snl.no/Rikshospitalet.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 https://oslo-universitetssykehus.no/steder/rikshospitalet . Vitja 2018-06-11
  3. Mailiss Solheim. Nei til behandlingsmonopol. Kven er trans nok?. 2018-06-02. Klassekampen. S. 3