Beijing, 北京 | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land | Folkerepublikken Kina |
Geografi | |
Flatevidd | 16 410,54 km² |
Flatevidd - By |
16,801.25 km2 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2018) - folketettleik |
21 542 000 1 309.4/km² |
Koordinatar | 39°54′50″N 116°23′0″E / 39.91389°N 116.38333°E |
Høgd over havet | 43,5 m |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 100000-102629 |
Telefon-retningsnummer | 10 |
Heimeside: www.beijing.gov.cn | |
Plassering | |
![]() |
Beijing er hovudstaden i Folkerepublikken Kina. Han er òg ein av dei 4 sjølvstyrte kommunane i Kina og inneheld 16 distrikt og 2 fylke.
Beijing har omkring 22 millionar innbyggjarar, og er den andre folkerikaste byen i Kina, etter Shanghai.
I byen ligg fleire verdsarvstader: Den forbodne byen, Himmeltempelet, Sommarpalasset, Minggravene, staden der ein fann leivningane av Peking-mennesket og delar av Den kinesiske muren og Keisarkanalen.[2]
Namnet Beijing (北京, pinyin Běijīng, Wade-Giles Pei-ching) betyr 'nordleg hovudstad', og blei brukt av Ming-dynastiet frå 1403 for å skilja byen frå Nanjing ('sørleg hovudstad').[3] Namnet blei historisk translitterert som «Peking».[2] Dette byggjer på uttalen av dei to kinesiske skriftteikna i namnet i dei sørlege delane av Kina som europeiske handelsfolk og misjonærar først vitja.[4]
Den første hendinga i Beijing si historie, som synast å vera stadfesta av arkeologiske funn, er datert til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastiet[5] (kring 1046 fvt.). Ifølgje historikaren Sima Qian skal kong Wu av Zhou ha tatt makta frå den siste Shang-kongen, i det ellevte året av kong Wu si regjeringstid.[6]
Jin-dynastiet sin hovudstad Zhongdu vart bygd i noverande Beijing.
Det ligg 91 universitet i Beijing.[7] Fleire av dei ligg øvst på rangeringslistene over dei beste universiteta i landet, som Pekinguniversitetet og Tsinghuauniversitetet.
Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Cai Qi og borgarmeisteren er Chen Jining (2021).