Guangxi | |||
autonom region | |||
Offisielt namn: (广西壮族自治区, 廣西壯族自治區, Guǎngxī Zhuàngzú Zìzhìqū, Den autonome regionen Guangxi Zhuang 广西, 廣 西 pinyin Guǎngxī | |||
Land | Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 235 001 km² | ||
Folketal | 50 126 804 (2020)[1] | ||
Guangxi 23°36′N 108°18′E / 23.6°N 108.3°E | |||
Plasseringa av Guangxi i Kina
| |||
Wikimedia Commons: Guangxi | |||
Guangxi er ein autonom region i Folkerepublikken Kina. Før 1949 var han ein provins.
Regionen grensar mot Yunnan i vest, Guizhou i nord, Hunan i nordaust og Guangdong i aust og søraust. Han har også ei riksgrense mot Vietnam i sørvest (Hà Giang, Cao Bằng, Lạng Sơn og Quảng Ninh-provinsen) og kyst mot Tonkinbukta i Sørkinahavet i sør.
Namnet Guangxi (kinesisk skrift 广西, 廣 西 pinyin Guǎngxī, også transkribert Kuang-hsi eller Kwangsi) er avleidd frå Guǎng (forenkla kinesisk 广, tradisjonell kinesisk 廣) som tyder 'veldig område', og er blitt brukt om regionen sidan skipinga av Guang-prefekturet i år 226.[2] Guangxi og naboprovinsen Guangdong har dei bokstavelege tydingane 'veldig område vest' og 'veldig område aust'.
Regionen har kystlinje langs Tonkinbukta. Dei viktigaste hamnebyane er mellom anna Fangchenggang, Qinzhou og Beihai.
I det meste av historia si hadde Guangxi inga kystlinje. I 1952 vart ein liten del av den vestlegaste kystlinja til Guangdong gjeven til Guangxi, som slik fekk tilgjenge til havet. Dette vart gjort om i 1955, men så justert tilbake på nytt i 1965.
Guangxi er heim til menneske frå 12 av dei nasjonalgruppene som er anerkjende av Folkerepublikken Kina som eigne folkegrupper. Regionen er eit særleg viktig område for zhuangfolket. Forutan dei har regionen folkegruppene han, yao, miao, dong, mulam, maonan, hui, gin, yifolk, sui og gelao. Det er og vesentleg mindre grupper frå 25 andre folkegrupper.
Guangxi er inndelt i 14 byprefekturer: