Biblom | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Ophrys | ||
Art: | O. apifera | ||
Vitskapleg namn | |||
Ophrys apifera
Huds.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik eng | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika |
Biblom (Ophrys apifera) er ei plante i flugeblomslekta Ophrys i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.
Biblom er ein ny art i Norden. Han vart først observert i 2004 i Danmark, der arten ser ut til å ha etablert seg på fleire lokalitetar.[1] Han er òg registrert på ein lokalitet i Skåne i Sverige (svensk namn biblomster), men er førebels ikkje raudlistevurdert i Sverige.[2] I Danmark er arten (dansk namn biblomst) klassifisert som sårbar (VU).[3]
Biblom (engelsk namn bee orchid) lever over det meste av Dei britiske øyane utanom Skottland. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[4][5] på same måte som lokalt i England og Wales.[6][7]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn bijenorchis, fransk namn ophrys abeille) særleg i det sørlege Nederland, mest nær kysten og i Limburg. I Belgia veks han spreidd i Flandern og er noko vanlegare i Vallonia.[8][9] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd).[10] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[11][12] I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).[13]
I England er det påvist at biblom kan danne hybridar med flugeblom (Ophrys apifera × insectifera, òg kalla Ophrys ×pietzschii),[14] men denne er svært sjeldan. Hybriden med Ophrys fuciflora (Ophrys apifera × fuciflora eller Ophrys ×albertiana)[15] er påvist i Kent.[16]
I 2023 blei den einaste førekomsten i Sverige plyndra. Alle dei om lag 50 individa blei gravne opp og fjerna.[17]