dittaeva er brukarnamnet til Guttorm Flatabø som bur i Sogn. Han er forskingsassistent på Vestlandsforsking i Sogndal.

Guttorm er bidragsytar til fleire WikiMediaprosjekt, sjå den engelske brukarsida hans på Meta Wikimedia for meir informasjon.

I tillegg til kompetanse innan emne om Afrika kan Guttorm ein god del om helse, informasjonsteknologi og mykje meir :-D

Brukarnamnet

Brukarnamnet dittaeva har ikkje til hensikt å formidle noka spesiell meining. På italiensk tyder «ditta» selskap, firma, arbeidsgjevar eller fabrikk, og bortsett frå å vera eit namn så er kanskje «eva» ei russisk ending for teikn på slektskap, −dotter eller −kone (opplysningar frå Eddi). Brukarnamnet er standarden som truleg oppsto når Guttorm prøvde å registrere ei Hotmail e-postadresse ein gong før 1997. Sidan har han brukt dette problemfritt som standard brukarnamn sidan det aldri er oppteke av andre.

Nikkedokker: brukar:Guttorm

Namnet

Sniglar er av naturlege grunnar enkle å ta bilete av.
Foto: Guttorm Flatabø

Guttorm ser ut til å vera eit særs vanskeleg namn for utlendingar, i spansktalande land blir det difor gjerne «Gutom». For nordmenn er det visst såpass eksotisk at dei gløymer seg og heller brukar det vanlegare namnet «Gunnar», i Kulturbeitet på NRK P2 har eg såleis blitt kalla «Gunnar Flatabø».

Prosjekt

Verktøy

Undersider