For annan informasjon om Wikipedia og arbeidsoppgåver kan du vitja arbeidskontoret, og på samfunnshuset kan du ta opp spørsmål og diskutere saker som har med Wikipedia å gjera. Dersom du lurer på noko er det berre å spørje!
Anders7. mai 2009 kl. 01:20 (CEST)[svar]
Fine artiklar du skriv. Men berre unntaksvis tek me med opplysingar om framtidige hendingar, og då berre om det som skjer no i samband med dei er av interesse, som til dømes planlegginga av olympiske leikar. --Ekko7. mai 2009 kl. 09:56 (CEST)[svar]
Takk skal du ha!
Opplysningane eg har gjeve om framtidige hendingar, er såvidt eg hugsar, berre om når neste Morellfestival og Hardanger Musikkfest blir. Det høyrest ut som noko som skjer no for meg, så eg let det stå, med mindre det kjem fleire reaksjonar på det.
Fint at du bidreg her på Wikipedia på nynorsk. Eit lite tips: Bruk «Førehansvis» knappen når du vil sjå korleis endringane dine blir, så slepp du å lagre så ofte, og så gir «Siste endringar» betre oversikt over kva som skjer.--Andreasv14. mai 2009 kl. 13:22 (CEST)[svar]
Ein må finne koordinatane ein eller annan stad, t.d. på karta til Gule sider (søk opp stadnamnet, før muspeikaren over den raude knappenåla som marker staden på kartet, då får du opp eit lite vindauge der det m.a. står GPS med ein liten nedtrekksmeny, der står koordinatane). Så legg du inn grader, minutt og sekund (men du kan droppe eventuelle desimalar) i infoboksmalen i artikkelen.
Det går også å bruke t.d. Googlemaps og sikkert også andre karttenester på nettet.
Diverre er det problem med nettopp innstillinga av kartet for Hordaland. Og det problemet er tydlegast nettopp for Ullensvang. Om ein legg inn rette koordinatane hamnar prikken for langt vest nettopp her, og det fører til at t.d. Lofthus ser ut til å liggje på vestsida. Dette går det sikkert å fikse på eit eller anna vis, men det har vist seg innvikla å få det rett for heile fylket. --Jorunn28. mai 2009 kl. 02:02 (CEST)[svar]
Når eg først tok på meg lærarrolla, får eg følgje opp:
Eg skreiv <Nowiki> framom slettemalen fordi eg ikkje ville at malen skulle starte det vesle programmet han elles startar. Dersom du skal bruke malen, kan du ikkje skrive nowiki framom. Sjå korleis det er gjort på sidene i Kategori:Sider merkte for sletting. Nowiki-kommandoen opphever kommandoar i wiki-programmet, t.d. kan du skrive ''' apostrofar''' utan å få utheva skrift slik det elles blir når vi brukar tre apostrofar. Praktisk! --Knut3. september 2009 kl. 18:20 (CEST)[svar]
Ei ære å vurderast som administrator for wikipedia! Men før du føreslår meg, vil eg gjerne ha svar på nokre spørsmål...
Arbeidet mitt på nynorsk wikipedia kjem nok til å gå i bylgjer - nokre periodar gjer eg mykje, andre periodar er eg fråverande. Fylgjer det spesielle ansvar med å vera administrator? Eg les på info-sida om administratorar at ein ikkje må sletta artiklar unødig, og det er ein regel eg stør. Men vert det t.d. krevja at ein må vera til stades så og så ofte for å bevara tittelen som admin? Er det spesielle oppgåver som administratorane gjer på omgang?
HallvardLid14. september 2009 kl. 16:55 (CEST)[svar]
Her er ingen særlege plikter, å vere administrator inneber stort sett berre at ein får tilgang på nokre knappar. Kjekt å ha. Sletting av artiklar er ikkje noko stor problemstilling, dei som det er aktuelt å slette er stort sett klare tulleartiklar. Ved tvil så merkar ein artikkelen, slik at andre også får vurdere dette. Eg meinte Fjordkraft kunne slettast, Martin NH var ikkje samd, så den står no slik førebels - - .
Her er ikkje noko bestemt aktivitetskrav til administratorar, men passive blir plassert i liste over inaktive, sjå Wikipedia:Administratorar - dette er jo lurt, fordi vanlege brukarar av og til spør administatorar om hjelp til f eks sletting for å få rydda opp i feil. Nokre (3) har bede om å bli bli strokne. --Egil Arne15. september 2009 kl. 23:40 (CEST)[svar]
Jeg er en ungarkse Wikipedia-brukar, jeg heter Norbert (og jeg snakker ikke så bra på norsk). Kan du til meg hjelpe?
Jeg har en kort novella, nå har jeg denne på 105 språk. Jeg har en bokmål versjon, men ikke på nynorsk. Kan du gjør til meg en nynorsk versjon? Her er den bokmål-versjon:
Gammelt er mitt folk som jeg tilhører, vi er gamle, på denne jord. Jeg snakker et gammelt språk, språket til mitt eget. Jeg bor i et gammelt land, jeg har aldri bodd andre steder, og jeg hører hjemme her. Dette er meg, meg selv. Jeg er alene i den store verden. Jeg er alene, min nasjon gikk bort for lenge siden, bare jeg ble værende. Jeg snakker mitt gamle språk alene.
Jeg vandrer på veien som kalles liv, jeg spiser mitt brød og jeg drikker mitt vann alene. Det er meg som skriver bøkene mine, og det er jeg som leser dem. Jeg klatrer opp på fjellet bak huset mitt; jeg får fisken fra elva, som er foran huset mitt. Hver dag jeg går opp til åsene til å tenke og å meditere alene, bare meg på egenhånd. Mens jeg var borte, har jeg sett andre mennesker; noen av dem kom til mitt land. Jeg var god for dem. Jeg ga dem mat og drikke, de kunne hvile i mitt hus.
Og nå ... fremmede forteller meg når de kommer her, hva jeg burde gjøre, hva jeg har lov til å gjøre. Men her er jeg sjefen, jeg eier, jeg er den som er hjemme. Dette er mitt gamle hjem, der mine fedre og deres fedre bodde. Dette er mitt hjem, mitt land, jeg bor her for meg selv.
Du må berre spørja om hjelp. Eg har fått litt fartstid her inne, men eg spør ofte endå meir erfarne medlemmer om hjelp sjølv. Brukar:Ranveig ser ut til å ha greie på det meste.
Håpar det går bra med deg!
Når eg ser nærare etter, forstår eg verkeleg ikkje kva som har skjedd. Endringa er jo frå ein halvtime sidan, og eg kan ikkje hugsa at eg sjølv har gjort henne. Kan nokon ha hacka seg inn på kontoen min? HallvardLid17. november 2010 kl. 16:08 (CET)[svar]
Etter at det nå er gått ei veke sidan konkurransen vart avslutta og det på konkurransesida er konsensus om rekkefølgen, har eg gleda av å melde at du er kåra til vinnar av tredjepremien i konkurransen Vekas konkurranse om Gulen, som vi hadde i veke 44 og 45. Gratulerer med resulatet!
Den blå rosetten får dei tre første i konkurransen. Den lilla får alle som fekk over 1000 poeng. Konkurransen var ein stor suksess med bilete, redigering og nyskriving av over 500 artiklar til saman i Wikipedia på bokmål og nynorsk om Gulen. Det var mange deltakarar og stor produksjon i de to vekene den varte. Som tredjepremievinnar får du den blå rosetten her, premien frå Gulen kommune vil vi kome tilbake til. Harald Haugland21. november 2010 kl. 13:17 (CET)[svar]
Hei, kan du svare på korleis eg endrar overskrift på ein artikkel?
Inger J
Det kan eg gjera, men eg trur kanskje det du meiner er sjølve tittelen på artikkelen? Det ser ut til at du veit korleis ein endrar overskrifter, sidan du sjølv har laga ei fullt brukbar overskrift her: "Endre overskrift"! Slike overskrifter er det jo berre å redigera på vanleg måte, og ein kan endra storleiken på dei ved å auka eller minka talet på likskapsteikn på kvar side. 3 likskapsteikn gjev mindre overskrift enn 2 likskapsteikn, 4 mindre enn 3, osv.
Men tittelen på ein artikkel er på ein måte låst til artikkelen du har laga. Viss du vil endra på den, må du flytta heile artikkelen. På menyen oppe til høgre, ved sida av Les, Endre, Nytt Emne og Sjå historikken ser du ei stjerne og ei lita pil. Trykk på den vesle pila, så får du opp alternativa slett, flytt eller vern. Trykkjer du på flytt, kjem det opp ein ny infoboks der du skriv inn namnet på den nye tittelen på sida, og eventuelt om det skal vera att ei omdirigering. (Slik at folk som skriv inn det fyrste sidenamnet, automatisk vert omdirigerte til det nye artikkelnamnet du har laga.)
Flott gjennomgang du gjer med namn! For å spara oss for meirarbeid er det verd å merka seg at årstal (eller tal i det heile) med bindestrek mellom seg ikkje skal ha mellomrom. Så det blir til dømes 1800-1900, ikkje 1800 - 1900. --Ranveig8. mai 2011 kl. 20:41 (CEST)[svar]
Ofte når eg endrar mine eigne artiklar vert det ikkje lagra grunna endringskonflikt med deg. Eg ville berre nemna dette sidan det er ganske irriterande å måtte skriva artiklar på nytt att.
Jarhaugin 30. juli 2011 kl. 19:42 (UTC)
Ok. Vel, viss du vil at eg ikkje skal endra artiklane dine: Pass på å leggja inn kategoriar på dei. Til dømes: kategori:Mayhem-album og kategori:Musikkalbum frå 1994. Då blir arbeidet enklare for oss begge.
Ei retting (gramatisk m.m.) på mine artiklar vert eg meir enn glad for, men opprydding, kategorisering osv. på "ferske" artiklar tykkjer eg er ugreitt, grunna at eg er enno i endrings- og skriveprosessen.
Det er ikkje lett å vita om nokon er ferdig med ein artikkel eller framleis held på med han når dei har trykka på "Lagre". Det er også slik at det er mykje lettare å forbetra ein artikkel når ein kjem over han på Siste endringar enn å utsetja det til "ein annan gong". Då blir mykje gløymd og ugjort. Om du ikkje vil at andre skal endra artiklar du jobbar med, kan du setja eit ((under arbeid))-merke på dei, eller endå betre -- opprette ei kladdeside (t.d. Brukar:Jarhaugin/Kladdeblokk) og gjera deg ferdig der. --Ranveig31. juli 2011 kl. 16:35 (CEST)[svar]
Eg er samd i råda frå Ranveig. Eg held meg unna dersom ein artikkel ikkje er ferdig. Og det er gode artiklar du skriv om norske metall-album! Berre pass på å ha kategoriar på dei, så er eg nøgd. HallvardLid1. august 2011 kl. 17:48 (CEST)[svar]
Eg takkar for råda, og skal hugsa å kategorisera dei. Eg er ny her og det er greitt med nye tips. Frustrasjonen min gjekk på at små (men like viktige) endringa ikkje vert fullført grunna endringskonfliktar. Godt at me kom til ein ende. Jarhaugin 1. august 2011 kl. 18:20 (CEST)
Hei! Ein av programleiarene for Bundesvision Song Contest 2006 var Elton, men sidan det finnes ein artikkel om elven med namn Elton, kva skal eg då kalle artikkelen om nyhendeankeren Elton?
Her er ein link til artikkelen om Elton (nyhendeanker) på tysk wikipedia, om det kan vere til hjelp. -- TCoN22. august 2011 kl. 17:25 (CEST)[svar]
Hei TCoN! No har eg laga ei fleirtydingsside. Det gjer du ved å bruka malen fleirtyding, og så lista opp artiklane som ordet kan visa til. Eg føreslår at du no opprettar artikkelen din under fødenamnet til Elton. Viss nokon då søkjer på Elton, kjem dei til fleirtydingssida, og kan raskt finna fram til riktig artikkel. HallvardLid22. august 2011 kl. 17:41 (CEST)[svar]
Hi. i'd like to improve the article about Australian singer Kylie Minogue in Nynorsk by adding information in the introduction and in the other paragraphs. it would be great to have your contribution. You can use information from her article in English (Kylie Minogue) Takk! Hypuxylun8. januar 2011 kl. 13:21 (CEST)[svar]
Hello,
I don't think I would prioritize this article now. The article Kylie Minogue is already better than many other articles in Nynorsk Wikipedia, and she is not an artist that particularly interests me.
Have a good day,
HallvardLid8. januar 2012 kl. 16:43 (CET)[svar]
Hei! Brukar:Claus M. legg inn ein del tull i Eurovision-artiklane. Fint om vi hadde fått ein slutt på det. (sier dette til deg siden du er administrator) --AlexanderMG15. januar 2012 kl. 18:23 (CET)[svar]
Har gitt beskjed no, men er ikkje sikker på om det Claus M har gjort er vondt meint. Så vidt eg kan sjå, er det berre at han insisterer på å leggja inn Sakis Rouvas som deltakar for Hellas? HallvardLid15. januar 2012 kl. 18:31 (CET)[svar]
Han har tidlegare (nokon dagar sidan) lagt inn songar og deltakarar som ikkje skal delteke og etter å ha sjekka mellom anna eurovision.tv og fleiere offisielle eurovision-sidar kan eg ikkje sjå at Hellas har valt Sakis Rouvas som sin representant i 2012. Uansett så er det flott at mange vil bidra med å forbedre artiklane her, men det er no litt okei om det ein legg inn er korrekt. :) --AlexanderMG15. januar 2012 kl. 19:35 (CET)[svar]
Eg ser du endrar til fødd/levde-mal på biografiane eg skriv, og ser no at det har vore snakk om desse malane på Diskusjon:Ambjørg Sælthun. Du må gjerne fortsette å endre, men grunnen til at eg etter nokre forsøk på å bruke malen har slutta med det er
at eg er lat, og dei grepa ein må gjere om att og om att må være enklast mulig for å få terskelen så låg at ein går i gong med enno ein biografiartikkel
(viktigast) Slik malen er laga blir ekstra opplysningar ein ønsker å legge inn før fødd etc ikkje pent.
Ta som døme Imre Kertész, som etter du endra ser slik ut:
Imre Kertész (ˈimrɛ ˈkɛrtes; (fødd 9. november 1929 i Budapest) er ein ungarsk forfattar ...
Dei brukar ikke ein slik mal på dei store språka, og eg trur ikkje at konsensusen til så mange tusen brukarar er direkte feil; etter mi meining er den beste og mest fleksible måten å åpne biografiartiklar slik dei gjer på dewp (og slik eg alltid gjer det på nbwp):
Imre Kertész (ˈimrɛ ˈkɛrtes; fødd 9. november 1929 i Budapest) er...
eller
Sully Prudhomme (eigentleg René François Armand Prudhomme; fødd 16. mars 1839 i Paris; død 6. september 1907 i Châtenay-Malabry) var...
Du vil kanskje svare at ein kan innføre enno ein parameter dersom ein vil ha opplysningar før fødd, men malen har allereie flust opp av parametrar, den vil snart bli så vanskeleg å bruke at det (IMHO) beste og mest fleksible blir å skrive alt ut i klårtekst og bruke DEFAULTSORT og kategoriane fødd og død slik dei gjer på andre språkversjonar.
Held du fast på at fødd/levde-malane skal brukast må du gå gjennom artiklane eg opprettar og gjere dei endringane du finn naudsynt. Dessutan set eg pris på at du ryddar opp i den smått slurvete kategoribruken min. Eg er mest opptatt av å få teksten så god som eg maktar på den tida eg investerer på wp og nedprioriterar å finne gode kategorier og finpusse formatteringsdetaljane. Men det er jo ein dugnad, dette. Mvh --Kaitil15. januar 2012 kl. 19:51 (CET)[svar]
Hei Kaitil!
Fyrst må eg seia at eg likar artiklane dine svært godt. Artiklane om nobelprisvinnande forfattarar er sårt tiltrengde her på nynorsk, så det er flott at du skriv! Artiklane er gode og fyldige òg.
Fødd- og levde-mal er eit prosjekt eg ikkje står for åleine. Det er ein mal-bruk som eg lærte av andre brukarar/administratorar då eg begynte her, så dersom du vil diskutera poenget med heile malen, trur eg det bør skje på Samfunnshuset. Men eg kan forklara mine eigne haldningar til malen.
Eg har jobba veldig mykje med å leggja inn fødd- og levde-mal på artiklar som ikkje har det, for å halda orden. Fordelen med malen, er både at han fungerer som defaultsort, og at han sorterer artiklane i kategoriar for riktig fødeår/dødsår samt fødselsdato/dødsdato. Dessutan blir kategoriane for fødd og død sett fyrst av kategoriane, og det ser mest ryddig ut synest eg. Eg vil påstå at dei aller fleste av personartiklane på Nynorsk Wikipedia, har per i dag. fødd/ levde-mal.
Når artiklane manglar dette, er det oftast fordi dei er slurvete lagt inn. Det gjeld ikkje artiklane dine - du unnlet å bruka fødd/ levde-malen fordi du synest han er upraktisk. Eg skjønar argumentet med at det er vanskeleg å få med all informasjonen ein vil ha med fødd/levde-malen. Den diskusjonen involverer fleire brukarar enn meg, og kan førast vidare på samfunnshuset.
Dersom du vil, kan eg la vera å redigera fødd og levde i dine artiklar. Eg vil nok likevel halda fram med å setja inn best mogleg kategoriar med dei - flott at du set pris på det! Det er dugnadsarbeid, og mine redigeringar er ingen fasit på korleis ting skal gjerast. HallvardLid15. januar 2012 kl. 20:12 (CET)[svar]
Det gler meg å høyre at du likar artiklane. Eg set pris på det fredelege samarbeidsklimaet her og det viste seg å være kjekt å øve opp att nynorskjensla. (Eg vart tvungen til å gå over til nynorsk hovudmål etter ei flytting i barndomen og forbanna meg då på at når eg ein gong fekk bestemme målform skulle eg aldri skrive eit nynorsk ord meir. Men ein blir jo vaksen etter kvart...)
Du må gjerne legge inn fødd/levde-mal for min del, men sidan eg alltid kopierer over rammeverket frå dewp (eller nbwp) kan du rekne som garantert at DEFAULTSORT og fødd/død allereie er på plass og gjer behovet for fødd/levde-malar minimalt. Så om du vil sjølv kan du spare litt tid der. Når det gjeld plasseringa av kategoriane «folk frå» og «fødde i»/«døde i» kjem eg ikkje til å starte redigeringskrig, men meiner dei er mindre viktig enn dei kategoriane som fortel kva personen er kjend for, og likar derfor å ha dei til sist. Kategoribruken gjer du derimot rett i å gå nøye etter i saumane! Sjå gjerne etter bokmålismar, eg ser over alle rettingar og lærer av kvar einaste feil eg gjer. Mvh --Kaitil15. januar 2012 kl. 21:16 (CET)[svar]
Alexis Leger blei fødd på Guadelope av franske foreldre og flytta attende til Frankrike som tolvåring. Eg vil tru at han følte seg som fransk og ikkje som ein guadeloupar, men slik kategorien «Folk frå» til vanleg blir brukt kan det forsvaras å sette han i kategorien «Folk frå Guadalupe».
Ein annan sak eg merka meg: du sette kategorien «Kvinnesaksfolk» på Minda Ramm. Ho var ein periode medlem av eit studentlag (eit samtalelag) som utvikla seg til Norsk Kvinnesaksforening – men der var ho så vidt eg veit ikkje med. Dessutan blei ho etterkvart kritisk innstilt til kvinnesaksrørsla. Eit par av bøkene hennar skal rett nok ha eit kvinneperspektiv, men av bokomtalen verkar det ikkje som om den reine kvinnesaka var så utmeisla. Så eg tenderer til å tru at det utvatnar begrepet å karakterisere Minda Ramm som «Kvinnesaksfolk», sjølv om det sikkert ikkje er fullstendig feil. Om du vil ha kandidatar til kategorien kan du vurdere Maurits Hansen, han arbeidde på eit svært tidleg tidspunkt for kvinner sin rett til utdanning. Mvh --Kaitil (diskusjon) 7. mars 2012 kl. 13:16 (CET)[svar]
Sant nok, dette! Eg har nett sjekka Språkrådet si liste over geografiske namn + adjektiv, og Guadeloupar står ikkje på lista. Det er eit godt argument for at Folk frå Guadeloupe er ein betre kategori. Når det gjeld akkurat Alexis Leger unnlét eg med vilje å setja kategoriar som Nobelprisvinnarar frå Guadeloupe osb. på han. Det blir lite føremålstenleg av di Guadeloupe ikkje er noko sjølvstendig land, og han var fransk statsborgar.
Når det gjeld kategorien kvinnesaksfolk på Minda Ramm, la eg han til av di eg trudde du ikkje visste om kategorien kvinnesaksfolk, eller ikkje hadde tenkt på å leggja artikkelen i den kategorien. No når eg ser at du har eit reflektert grunnlag til kvifor du ikkje la til kategorien på denne artikkelen, er det heilt i orden for meg å fjerna kategorien derifrå. HallvardLid (diskusjon) 7. mars 2012 kl. 13:49 (CET)[svar]
Eg skjønar kvifor du reagerer. Eg veit ikkje om du fekk med deg at Allkunne i byrjinga av 2011 saksøkte Wikimedia Norge for brot på opphavsretten? Allkunne har no sagt at dei ikkje vil gå vidare med søksmålet, men for å vera på den sikre sida har me hatt ein policy på å ikkje ha allkunne som lenkje (iallfall ikkje einaste lenkje) på artiklane våre. Difor har brukar:Jeblad laga ei liste over artiklar med Allkunne som lenkje, slik at me med tida fekk rydda opp og fjerna dei. Det er iallfall det siste eg har fått med meg i saka. HallvardLid (diskusjon) 28. mars 2012 kl. 18:08 (CEST)[svar]
Joda, eg fekk med meg det, og eg har vore atterhalden med å bruke Allkunne som kjelde etter dette. Eg meiner likevel at vi ikkje bør svarteliste Allkunne. Når det gjeld den konkrete opplysninga, oppdaga eg at Allkunne i to ulike artiklar hadde forskjellige datoar for når salmen ført vart sungen. Etter ein kort korrespondanse vart dette retta – eit døme på at Allkunne ikkje tapar på at vi hentar opplysningar frå dei. I dette tilfellet er Allkunne ei av fleire kjelder, og dei har ikkje artikkel om salmen – men om kyrkja der salmen først vart sungen. Eg tillet meg derfor å ta opplysninga inn att. --Knut (diskusjon) 28. mars 2012 kl. 18:17 (CEST)[svar]
Jeg lurer litt på en ting: Det står «Denne artikkelen byggjer på «Ivar Skippervold» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2009.» Men artikkelen er opprettet to år senere. Er det riktig? Stort arbeid? For øvrig har jeg etter beste evne oversatt mesteparten artikkelen din til bokmål. Innrømmer at det er ukens konkurranse som er motivasjonen - men kan ikke tenke meg at jeg vinner. Mvh nb:Bruker:Kronny.
Hallo Kronny! Kjekt at du omset artikkelen eg skreiv. Arbeidet er ikkje så stort som det ser ut. Eg hadde kopiert teksten "denne artikkelen byggjer på..." frå ein annan artikkel, og endra datoen, men gløymte årstalet. HallvardLid (diskusjon) 7. juli 2012 kl. 11:36 (CEST)[svar]
Hei. Eg har nettopp blokkert Brukar:Hypuxylun på bokmål på ubestemt tid for å leggje inn maskinomsetjingar. Dette har medført mykje ryddejobb for oss, og når brukaren endeleg svara diskusjonssida si, viste det seg at vedkommande ikkje forstod norsk. (Sjå no:Brukerdiskusjon:Hypuxylun) Eg vil tipse dykk om brukaren, då nn nok har endå mindre ressursar å sløse vekk på å rydde opp etter denne brukaren. Mitt forslag er å blokkere brukaren først som sist. Han/ho er allereie blokkert på no,fi og sv for akkurat dette ([2]) Mvh 3s (diskusjon) 24. juli 2012 kl. 17:47 (CEST)[svar]
Da jeg opprett artikkelen Liste over Bachkantatar var det to forhold jeg dessverre ikke var klar over: at nn ikke bruker formen Liste... på artikler og at kantate på nynorsk kan være både han- og hunkjønn og dermed også bøyes kantater. Etterhver så jeg at Frokor har brukt hunkjønnsformen, f.eks. i kategorien, så jeg begynte å bruke kantater senere i artikkelen, men endret ikke artikkelnavnet. Jeg tror det beste er å holde seg til standarden Frokor har satt og holde seg til hunkjønnsformen hele veien. Dvs at du flytter artikkelen til Bachkantater og gjør de nødvendige rettelsene i artikkelen. --Kaitil (diskusjon) 14. september 2012 kl. 10:18 (CEST)[svar]
Takk for innspel! Konsekvente målformer i éin og same artikkel er bra. Min plan då eg språkvaska var difor å endra til hankjønnsbøying heile vegen, men då tok eg ikkje omsyn til kategorinamnet. Eg er samd i endringane som er gjort! HallvardLid (diskusjon) 14. september 2012 kl. 14:26 (CEST)[svar]
Eg har vore inne på tanken om sletting sjølv... Ein del av desse er berre B-skodespelarar, som det er lite behov for å ha artikkel om etter mi meining. Særleg når den same teksten står på alle artiklane. La fylgjande vera: Michael Clarke Duncan, Sacha Baron Cohen, CeeLo Green, Steve Buscemi, Kevin James og Steve Oedekerk. Desse er meir eller mindre kjende, og kan utvidast seinare. Resten kan fint slettast i denne omgangen. HallvardLid (diskusjon) 28. september 2012 kl. 12:25 (CEST)[svar]
Utruleg mange dumme artiklar! Dette er meir enn eg har tid til å gå gjennom no. Eg har sletta alle dei som eg meiner me ikkje bør ta vare på som vart lasta opp i går. Det vil seia at alle artiklane frå denne brukaren som vart skrivne i dag, kan og bør slettast. Vil gjerne ha hjelp med dette :) HallvardLid (diskusjon) 28. september 2012 kl. 12:53 (CEST)[svar]
OK. Eg har visst misforstått korleis dette fungerer... Vil dette i praksis seia at ein ikkje treng å leggja inn ei interwikilenkje når ein opprettar ein ny artikkel? "Oppdagar" wikidata automatisk at artiklar med namn som "Jupitermånen Hermippe" er det same som "Hermippe (måne)"? HallvardLid (diskusjon) 7. mars 2013 kl. 23:54 (CET)[svar]
Nei, det er her det er litt komplisert. Det er ingenting i vegen for at det kunne koma robotar som plukka opp IW frå nye artiklar og leggja til i Wikidata slik at ein slepp det sjølv. Men stort sett er det lite å spara på dette, so eg veit ikkje om noko slikt kjem på plass.
Det ein lyt gjera, for no i alle fall, er å finna datasettet som svarar til artikkelen ein har oppretta; so sant datasaettet finst. For å koma til dette (om det finst), er snøggaste vegen oftast å gå via Engelsk Wikipedia (litt som i gamle dagar mao.). Til dømes leitte eg opp artikkelen en:Eurydome (moon) og trykte på Edit links. Derifrå landa eg på d:Q17406 og kunne leggja til interwikilenkja mi nedst på sida der.
Sannsynlegvis kan ein sleppa å forlata heimewikien sin i framtida og søkja seg fram til det rette datasettet via eit dialogvindauga som dukkar opp, men det er ikkje på plass enno. --Njardarlogar (ordskifte) 8. mars 2013 kl. 00:01 (CET)[svar]
Skjønar. Men la oss seie at eg opprettar artikkelen Margaret Berger, som finst under same namn på andre wikipedia-prosjekt. Vil Wikidata då identifisera desse andre artiklane og laga lenkje dit utan at eg treng å leggja til interwikilenkje? HallvardLid (diskusjon) 8. mars 2013 kl. 15:11 (CET)[svar]
Det er ikkje utenkjeleg at ein kan få til dette halvautomatisk i framtida, slik at ein får opp tips om desse sidene på andre Wikipediaer, men slik som det er no, er det ikkje noko automatikk i noko, og ein lyt gå inn på d:Q4167768 (som saknar nokre interwikilenkjer, men det skal robotane retta opp etter kvart). --Njardarlogar (ordskifte) 8. mars 2013 kl. 15:35 (CET)[svar]
Hei ja! Me har vore borti denne brukaren før. Personleg tenkte eg først at bidraga hans er brukbare (filmane og filmskaparen er ekte nok) men når me tidlegare har sletta artiklar med dårleg språk etc., så blir det berre lagt inn på nytt ei stund seinare. Eg har aldri fått høyra nokon forklaringar frå den som legg dei inn og om kvifor denne Thomas Funck er så viktig for nynorsk wikipedia... Jau, eg trur du har rett. Me kan ikkje godta artiklar frå useriøse brukarar. HallvardLid (diskusjon) 9. oktober 2013 kl. 14:28 (CEST)[svar]
Målet er å forstyrre. Endringane er alltid ei blanding av rett og gale og om emne som aldri kjem til å kome på lista over den fyrste milliarden viktige artiklar. Det er ikkje noko å kaste vekk tid på å rydde i. Slett, lås og blokkér. --46.15.196.1959. oktober 2013 kl. 15:39 (CEST)[svar]
Hei ! Jeg håper å se deg på årets Wikipedia Academy som arrangeres lørdag 14. desember på Arkitekturmuseet i Oslo. Styret har forespurt mange enkeltpersoner om programønsker, og forespurt hele nettsamfunnet gjennom innlegg på ting og torg. Vi har utfra dette lagt opp til et variert program med mange tema som forhåpentlig treffer wikipedianere. Vi skal se nærmere på, og diskutere, Wikidata, Visual Editor, botproduksjon, bruk av frie kartdata, kultursamarbeidet, wikipedianere som er utplassert i institusjoner, og vi skal få en presentasjon av den mye omtalte artikkelen om The decline of Wikipedia. Blant mange spennende foredragsholdere har vi hentet flere fra interne Wikipedia-rekker, men også eksterne foredragsholdere som vil rette sine blikk på Wikipedia utenfra. Det blir premiering av Årets wikipedianer og av vinnerne i Wiki Loves Monuments 2013. Etter akademiet går vi rett videre til årets Julebord, på Gamle Rådhus. Se det varierte programmet her. Lørdag 14. desember kan du treffe dine kolleger på Norges største kunnskapsdugnad! Vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 16. november 2013 kl. 02:23 (CET)[svar]
My account was compromised during my absence - please enable an indefinite block to prevent further damage to wiki projects. Thanks for collaborating. --BScMScMD (diskusjon) 7. april 2015 kl. 21:01 (CEST)[svar]
Hello dear HallvardLid, saw your wonderful contribution to Norsk Nynorsk Wikipedia. I would like to ask you translate or may be help to translate the small article into Norsk Nynorsk, and add it to the Wikipedia. There is the article in Norsk as well, but missed it in Norsk Nynorsk. Thank you in advance for your support/contribution and best wishes!
Hello. A policy regarding the removal of "advanced rights" (administrator, bureaucrat, interface administrator, etc.) was adopted by community consensus in 2013. According to this policy, the stewards are reviewing activity on wikis with no inactivity policy.
You meet the inactivity criteria (no edits and no logged actions for 2 years) on this wiki. Since this wiki, to the best of our knowledge, does not have its own rights review process, the global one applies.
If you want to keep your advanced permissions, you should inform the community of the wiki about the fact that the stewards have sent you this information about your inactivity. A community notice about this process has been also posted on the local Village Pump of this wiki. If the community has a discussion about it and then wants you to keep your rights, please contact the stewards at the m:Stewards' noticeboard, and link to the discussion of the local community, where they express their wish to continue to maintain the rights.
If there is no response at all after one month, stewards will proceed to remove your administrator and/or bureaucrat rights. In ambiguous cases, stewards will evaluate the responses and will refer a decision back to the local community for their comment and review. If you have any questions, please contact the stewards.
Hei! Laurdag 20. mars frå kl. 13 til 18 vert det eit virtuelt treff for administratorane på dei norskspråklege Wikimedia-prosjekta. Eg har sendt invitasjon til dei fleste via epost, men sidan du ikkje har slått på epostfunksjonen skriv eg til deg her i staden. Viss du er interessert i å bli med, send meg ein epost (anten via skjemaet eller på jhsoby@wikimedia.no), så får du fleire detaljar! Jon Harald Søby (WMNO) (diskusjon) 1. mars 2021 kl. 13:03 (CET)[svar]