Cathartes | |
![]() | |
Utbreiing | |
![]() Omtrentleg utbreiing av slekta Cathartes. Grønt indikerer at minst ein art er ein standfugl der, og gult indikerer området der arten kalkunkondor er ein trekkande hekkefugl om sommaren | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Kondorar Cathartidae |
Slekt: | Cathartes Illiger, 1811 |
Artar | |
Kalkunkondor Myrkondor Skogkondor |
Cathartes er ei biologisk slekt av mellomstore til store åtseletande fuglar i kondorfamilien, Cathartidae. Dei tre nolevande artane som for tida er klassifiserte i denne slekta lever over mykje av Amerika sør for ca. 50ºN. På Cuba har ein funne ein fossil Cathartes-art frå kvartærtida.[1]
Cathartes er ei latinisering av det greske ordet καθαρτής, for «reinsar», og refererer til rolla til desse kondorane som «reinsarar» som «ryddar i» nedbrytande kadaver i naturen.
Dei tre kondorane i Cathartes er saman med svartkondor dei minste kondorartane, ca. 50-80 centimeter i kroppslengd og opptil 1,8 meter i vengespenn. Karakteristisk for slekta er mørk brun eller svart fjørdrakt med skjær av grått på undersida av vengefjørene og halen, nakent raudt eller gult hovud og hals med berre små karunklar. Dei skil seg frå alle andre kondorartar med manglande halskrans av lange fjører slik som dei tre største artane har, dei har relativt lengre halar, halsen er alltid trekt inn mot kroppen slik at dei ser ut som halslause. I «vippande» flukt står vengene i ein dihedral vinkel og vengene er generelt smalare enn hos andre kondorar.[2] Alle tre Cathartes-kondorar har store opne nasebor som manglar skiljevegg (septum), lokaliserer åtsel med hjelp av luktesans, og alle er åtseletarar.
Myrkondor har overlappande utbreiing med kalkunkondor i heile utbreiingsområde sitt. Alle tre artane kan leve sympatrisk med kvarandre i eller i utkanten av Amazonasbassenget, men myrkondor og skogkondor overlappar sjeldan.[2] Myrkondorar føretrekkjer å sveveflyge lågt over savannar, i motsetning til det føretrekte skoghabitatet til skogkondoren. Skogkondoren sveveflyg òg langt høgare enn myrkondoren.[3]
Slekt Cathartes med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Den første medlemmen av denne slekta som formelt vart skildra, kalkunkondor, vart namngjeven av Linné som Vultur aura i hans Systema Naturae i 1758,[9] men vart flytta til den noverande slekta introdusert av den tyske zoologen Johann Illiger i 1811.[10] Den andre medlemmen, Cathartes burrovianus blei skildra i 1845 av John Cassin. I 1964 la Alexander Wetmore framlegg om Cathartes melambrotus, splitta ut frå C. burrovianus som ein god art.[11][12] Cathartes er den eine av dei fem slektene med kondorar i den nye verda, og er den einaste slekta i familien som ikkje er monotypisk. Den taksonomiske plasseringa av desse kondorane er framleis uklår.[13]