Haukefuglar | |
![]() Hønsehauk Accipiter gentilis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes Vieillot, 1816 |
Haukefuglar, Accipitriformes, er ein biologisk orden på ca. 265[1] fugleartar som lever av byttedyr eller åtsel. Haukefamilien med haukar, ørner og glentar, samlar langt dei fleste av desse.
Saman med falkar og karakaraer i ordenen Falconiformes utgjer haukefuglar dei vi reknar som dagaktive rovfuglar. I norsk daglegtale er ofte dei nattaktive rovfuglane Strigiformes, ugler, nemnt som rovfuglar, men uglene er ikkje i slekt med dei andre rovfuglane i Accipitriformes.
Haukefuglar er kjent frå midtre eocentida. Dei har kraftig, kroket nebb med ein mjuk sere med plass for for naseopningane. Vengene er lange og relativt breie, godt egna for glideflukt. Dei 4-6 ytre primærfjøra er avsmala.
Haukefuglar har sterke bein og føter med rovklør og ei kraftig bakklo. Nesten alle er kjøttetande, dei jaktar med synet i dagslys eller i tussmørker. Dei kan ha svært lang levetid, og dei fleste har låg reproduksjonsrate.
Haukefuglar veks særs fort fram til dei er flygedyktige, deretter får dei mat ved reiret i 3-8 veker etter første flygeturen. Det tar frå eitt til tre år før dei er forplantingsdyktige. Kjønna har tydeleg ulik storleik, hos somme artar kan hoer ha over dobbelt vekt av hannen sin vekt. Meir typisk er hannen ein tredel under storleiken til hoer. Kjønnsdimorfismen er vanlegvis mest ekstrem hos spesialiserte fugleetarar, som haukane i slekta Accipiter, men han vere heilt fråverande hos gribbar. I hovudregelen er rovfuglar monogame, dei kan finne ny parter om den gamle døyr.
Accipitriformes er blant dei mest varierte ordenar i storleik. Den minste arten kan vere dverghauk, Accipiter minullus, som måler 23 cm. Den største arten er munkegribb, på opptil 14 kg, 118 cm og 3 m i vengespenn.
Tradisjonelt var haukefamilien, sekretærfugl og fiskeørn rekna som del av Falconiformes. Men nyare studiar har ført til at ornitologar vel å skilje dei tre nemnte familiane ut til ein ny orden Accipitriformes, slik at falkefamilien blei isolert innanfor Falconiformes.[2] Klassifiseringa av denne ordenen er vanskeleg å handsama på ulike vis, til dømes var dei 7 kondorartane tatt ut av Accipitriformes, og heller plassert inn i sin eigen orden i ein periode.[3]
Per 2021 er Accipitriformes anerkjent som biologisk orden av klassifiseringsautoritetar som IOC[1] og Clementslista.