Haukefamilien
Kongeørn
Kongeørn
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Vieillot, 1816

Haukefamilien, Accipitridae, er den store biologiske familien i ordenen Accipitriformes, haukefuglar. Den andre store gruppa av rovfuglar er ordenen Falconiformes, falkefuglar. Haukefamilien samlar små til store fuglar med sterkt bøygd nebb og morfologi varierande med diett. Dei lever av ei rekkje byttedyr frå insekt til mellomstore pattedyr, mange et på åtsel og eit par beitar på frukt. Accipitridae har ei kosmopolitisk utbreiing, som finst på alle kontinent unntatt Antarktis og på ei rekkje øygrupper til havs. Nokre artar er trekkfuglar.

Mange kjende fuglar som haukar, ørner, glentar, kjerrhaukar og gribbar er inkludert i denne gruppa. Fiskeørn er vanlegvis plassert i ein eigen familie (Pandionidae), likeins sekretærfugl i Sagittariidae. Kondorar, familien Cathartidae, er vanlegvis no betrakta som sin eigen orden.

Morfologi

Portrett av ei kvithovudørn viser det kraftige bøygde nebbet og cere som dekkjer nebbrota.
Foto: Adrian Pingstone

Haukefamilien er ein mangfaldig familie der artane har stor variasjon i storleik og form. Dei varierer i storleik frå små perleglente og dverghauk, som begge er 23 centimeter i lengd og veg ca. 85 gram, til munkegribb, som måler opp til 120 cm og veg opptil 14 kg. Inntil 1300-talet vart jamvel munkegribb forbigått av den utdøydde Haast's Eagle (Harpagornis moorei) på New Zealand, som er estimert til å ha målt opp til 140 cm og vog opp til 20 kg.[1] Dei fleste i haukefamilien viser kjønnsdimorfisme i storleik, men uvanleg for fuglar er det hoene som er større enn hannane.[2] Denne kjønnsskilnaden i storleik er mest tydeleg blant aktive artar som jaktar fugl, som Accipiter-haukar, der skilnaden i storleik i gjennomsnitt er 25-50 %. Blant eit fleirtal av artar er skilnaden mindre, vanlegvis mellom 5 % til 25 %. Blant åtseletande gribbar og snigeletande glentar, er skilnaden nesten ikkje-eksisterande.[3]

Nebbet på fuglar i haukefamilien er kraftige, bøygde, nokre gonger ekstremt bøygde, som hos kroknebbglente eller snigelglente. Nokre artar har eit hakk eller «tann» i sidekanten av overnebbet. Oversida av nebbrota er dekt av ein kjøttfull membran kalla «cere» som vanlegvis er gul i farga. Artar som jaktar store pattedyr har tjukk og sterk tars, og slangeørner har tjukke skjel for å verne mot bitt.

Fjørdrakta blant Accipitridae kan vere slåande, men er sjeldan i lyse farger, dei fleste fuglane er i kombinasjonar av grått, gulbrunt og brunt.[4] Men alt i alt er fargene bleikare på undersida slik at dei blir mindre iaugefallande mot himmelen sett nedanfrå. Det er sjeldan ulikskap i fjørdrakta mellom kjønna, og når det skjer er hannane lysare enn hoene eller hoene liknar ungfuglar. Blant mange artar har ungfuglar ein distinkt, ulik fjørdrakt. Fleire artar har fjørtopp brukt til signalering, og sjølv artar utan toppar kan heve fjører på krona når dei blir skremt eller opphissa. I kontrast til dette har dei fleste gribbar heilt nakne hovud utan fjører. Det trur ein hindrar tilsøling på fjører når dei beita på kadaver, og det hjelper i termoregulering.[5]

Sansane hos Accipitridae er tilpassa jakt eller kadavereting, og dei har eit særmerkt godt syn. Synet blant nokre haukar og ørner er opp til 8 gonger betre enn hos menneske. Store auge med to fovea gjev kikkertsyn og eit «haukauge» for vurdere rørsler og avstand. Auga er røyrforma og kan ikkje røre seg mykje i augehola. I tillegg til utmerkt syn, har mange artar òg utmerkt høyrsle, men i motsetnad til hos ugler er synet vanlegvis den viktigaste sansen som blir brukt til jakt. Høyrsle kan brukast til å lokalisere byttedyr skjult i vegetasjonen, men synet blir likevel brukt til å fange byttedyret. Generelt har fuglar i haukefamilien ein dårleg luktesans, sjølv gribbar gjer ikkje bruk av luktesans for å finne åtsel, i motsetnad til kondorane i Amerika.

Føde

Som fruktetar er palmegribb uvanleg i haukefamilien, men vil òg ta fisk, spesielt daud fisk
Foto: Tom Tarrant
Shikrahauk i Hyderabad, India
Foto: J.M.Garg
Orientvepsevåk, Pernis ptilorhynchus, hannfugl i Haryana, India
Foto: J.M.Garg

Medlemmer i haukefamilien er hovudsakleg predatorar, og dei fleste artane jaktar aktivt. Bytet blir vanlegvis fanga og drepe med dei kraftige klørne og deretter rive i stykkar med nebbet til for eksempel føde til ungar. Eit fleirtal i haukefamilien er opportunistiske rovdyr som vil ta eventuelle byttedyr som dei kan drepe. Men dei fleste har ein preferanse for ein bestemt type byttedyr som til dømes at kjerrhaukar og våkar tenderer mot å ta små pattedyr som gnagarar, og at Accipiter-haukar tenderer mot å jakte andre fuglar. Dei fleste artane vil supplere kosten med kjøt frå friskt åtsel, men sjølvsagt er ingen så spesialiserte med dette som gribbane. Nokre artar kan opportunistisk ete på frukt, og hos ein art, palmegribb, dannar frukt største delen av kosthaldet.[6] Dei fleste artane vil ikkje ete plantemateriale. Rundt 12 artar lever av utelukkande insekt, 44 andre artar tar insekt i stor mengd, og mange andre tar insekt ved høve.[4] Dietten til vepsevåkar inkluderer ikkje berre insekt som kvefs og bier, men òg honning og vokskaker frå bolet.[7] Snigelglente og kroknebbglente er spesialistar på å ete sniglar. «Ørner» er fleire rovfuglartar som ikkje nødvendigvis er nært nærskylde, men kan vere breitt definerte av storleik og av at dei tar av typisk større byttedyr, inkludert mellomstore pattedyr og større fuglar. Dei fleste artane åtek byttedyr mindre enn dei sjølve. Likevel har einskilde artar vorte registrerte i flukt med byttedyr i klørne litt tyngre enn seg sjølve, ein prestasjon som krev stor fysisk styrke. Haliaeetus-havørner og fiskeørn føretrekkjer i hovudsak å jakte på fisk, fisk gjev ut for meir enn 90 % av føda for dei to sistnemnde slektene. Store artar i familien kan tidvis supplere dietten med andre akvatiske dyr enn fisk. Bazaer i Perninae og skoghaukar i slekta Accipiter kan ta reptil frå tre, medan andre artar jaktar reptil på bakken. Slangar blir spesielt mat for slangeørner og snokørner av slektene Circaetus, Spilornis og Dryotriorchis. [4]

Systematikk

Oversyn slekter og artar

Nolevande artar i haukefamilien i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024, [8] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[9] Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori, er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist. [10]

Underfamilie Accipitrinae
Stamme Accipitrini

Slekt Macheiramphus

Slekt Harpyopsis

Slekt Morphnus

Slekt Harpia

Slekt Stephanoaetus

Slekt Nisaetus 10 artar skogørner

Slekt Spizaetus fire artar skogørner

Slekt Lophotriorchis

Slekt Polemaetus

Slekt Lophaetus

Slekt Ictinaetus

Slekt Clanga

Slekt Hieraaetus fem artar av ørner

Slekt Aquila 11 typiske ørner inklusive kongeørn

Slekt Harpagus

Slekt Kaupifalco

Slekt Micronisus

Slekt Melierax

Slekt Urotriorchis

Slekt Erythrotriorchis

Slekt Megatriorchis

Slekt Microspizias

Slekt Accipiter 50 typiske haukar inklusive hønsehauk

Slekt Circus 16 kjerrhaukar

Slekt Milvus

Slekt Haliastur

Slekt Haliaeetus fire ørner, mellom anna havørn

Slekt Icthyophaga seks ørneartar

Slekt Butastur fire våkar

Slekt Ictinia

Slekt Busarellus

Slekt Rostrhamus

Slekt Helicolestes

Slekt Geranospiza

Slekt Cryptoleucopteryx

Slekt Buteogallus ni våkar

Slekt Morphnarchus

Slekt Rupornis

Slekt Parabuteo

Slekt Geranoaetus

Slekt Pseudastur

Slekt Leucopternis

Slekt Buteo 28 våkar

Stamme Circaetini

Slekt Spilornis seks snokørner

Slekt Pithecophaga

Slekt Circaetus seks slangeørner

Slekt Dryotriorchis

Slekt Terathopius

Stamme Gypini

Slekt Necrosyrtes

Slekt Gyps åtte gribbar

Slekt Sarcogyps

Slekt Trigonoceps

Slekt Aegypius

Slekt Torgos


Underfamilie Elaninae

Slekt Elanus fire artar glentar

Slekt Chelictinia


Underfamilie Gampsonychinae

Slekt Gampsonyx


Underfamilie Gypaetinae
Stamme Gypaetini

Slekt Polyboroides

Slekt Gypohierax

Slekt Gypaetus

Slekt Neophron

Stamme Pernini

Slekt Eutriorchis

Slekt Leptodon

Slekt Chondrohierax

Slekt Pernis fire vepsevåkar inkludert arten vepsevåk

Slekt Elanoides

Slekt Lophoictinia

Slekt Hamirostra

Slekt Aviceda fem artar bazaer

Slekt Henicopernis

Kjelder

Referansar

  1. Artikkel om Haast's eagle Arkivert 2013-09-16 ved Wayback Machine. hos forskning.no
  2. Paton, P. W. C.; Messina, F. J.; Griffin, C. R. (1994). «A Phylogenetic Approach to Reversed Size Dimorphism in Diurnal Raptors». Oikos 71 (3): 492–498. doi:10.2307/3545837. 
  3. Ferguson-Lees, James; Christie, David A. (2001). Raptors of the World. Illustrated by Kim Franklin, David Mead, and Philip Burton. Houghton Mifflin. ISBN 978-0-618-12762-7. Henta 26. mai 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J., red. (1994). Handbook of the Birds of the World 2. Barcelona: Lynx Edicions. ISBN 84-87334-15-6. 
  5. Ward, J.; McCafferty, D.; Houston, D.; Ruxton, G. (2008). «Why do vultures have bald heads? The role of postural adjustment and bare skin areas in thermoregulation». Journal of Thermal Biology 33 (3): 168–173. doi:10.1016/j.jtherbio.2008.01.002. 
  6. Thomson, A. L.; Moreau, R. E. (1957). «Feeding Habits of the Palm-Nut Vulture Gypoheerax». Ibis 99 (4): 608–613. doi:10.1111/j.1474-919X.1957.tb03053.x. 
  7. Shiu, H. J.; Tokita, K. I.; Morishita, E.; Hiraoka, E.; Wu, Y.; Nakamura, H.; Higuchi, H. (2006). «Route and site fidelity of two migratory raptors: Grey-faced Buzzards Butastur indicus and Honey-buzzards Pernis apivorus». Ornithological Science 5 (2): 151–156. doi:10.2326/osj.5.151. 
  8. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Raptors». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 21. mai 2024. 
  9. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 21. mai 2024. 
  10. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 21. mai 2024. 

Bakgrunnsstoff