Nisaetus | |
![]() Dvergskogørn, Nisaetus nanus i Sabah, nordaustre Borneo Foto: Bernard Dupont
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Nisaetus Hodgson, 1836 |
Nisaetus er ei biologisk slekt av skogørner i haukefamilien, underfamilien Aquilinae, som hovudsakleg finst i tropisk Asia, frå Nepal og India til Japan og dei små Sundaøyane. Dette er slanke, mellomstore haukefuglar med avrunda venger, lange fjørkledde bein, tverrstripa venger, fjørtopp på hovudet og vanlegvis tilpassa eit liv i skogshabitat.
Floresskogørn, Nisaetus floris, har ein minkande populasjon grunna forfølging og habitatstap, og har færre enn 200 individ som lever på dei små Sundaøyane inkludert øya Flores. Arten er derfor kategorisert som kritisk truga (CR).[1] Tre andre artar er sterkt truga (EN) og ein er sårbar (VU).
Nisaetus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024, [2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Nisaetus, 10 artar skogørner: