Gribbar er ein del av haukefamilien Accipitridae, som òg inkluderer ørner, våkar, glentar og haukar. Dei lever av åtsel med utbreiingsområde i Afrika, Asia og Sør-Europa. Ni av dei seksten artane finst i Afrika.

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.

Termen gribbar har tradisjonelt vore nytta om to ulike grupper, ekte gribbar i «den gamle verda» og den nye verdas gribbar i Amerika, sist nemnte no oftast kalla kondorar. Likskapen mellom desse to gruppene skyldast konvergerande evolusjon snarare enn eit nært slektskap. Begge gruppene er åtseletarar, men ekte gribbar finn åtsel utelukkande med hjelp av synet i motsetnad til kondorar som nyttar ein god luktesans i tillegg til synet.

Eit særskilt kjenneteikn ved mange gribbar er eit skalla hovud fritt for fjør. Hovudet blir sølt til av blod og andre væsker når gribbane et kjøtt av kadaver. Fjører på hovudet ville vore vanskelege å halde reine.

Utbreiingsområdet

Status, trugsmål og vernearbeid

Raudlista for gribbar per 2022, fordeling over kategoriar ██ LC - livskraftig 2 (12%)██ NT - nær truga 3 (19%)██ VU - sårbar 1 (6%)██ EN - sterkt truga 2 (13%)██ CR - kritisk truga 8 (50%)

IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist, versjon 7 desember 2022.

Gribbar har oppryddingsoppgåver i naturen som er avgjerande for økosystemhelsa. Oppfølging av storleiken på populasjonar av dei einskilde artane syner at gruppa har uvanleg stor tilbakegang. Heile åtte av seksten gribbeartar er klassifiserte som kritsik truga av Verdas naturvernunion, IUCN. Gribbartane vert konfrontert av ei mengd trugsmål i habitata sine som har skapt trugande tilbakegang for fleire artar. Diklofenakforgifting, tap av habitat, ulovleg handel, forfølging og kollisjonar med straumleidningar utgjer hovudutfordringane som set desse artane i fare. Bevaringsinitiativ har vorte sette i verk globalt, og omfattar forbod mot veterinærmedisinen diklofenak, avlsprogram i fangenskap, offentleg kampanjar for å gjere folk medvetne, og felles innsats for å verne kritiske habitat.

Bengalgribben (Gyps bengalensis) symboliserer krisa for gribbane i verda, han vippar på randa av utrydding etter ei nedgang på 99 % frå 1990-åra til 4000–6000 modne individ i dag. Tilsvarande står kvitryggribb (Gyps africanus) overfor ein overhengande fare, og går gjennom ein årleg nedgang på gjennomsnittleg 4 % frå om lag 270 000 i 2014.

Den afrikanske arten kvithovudgribb (Trigonoceps occipitalis) er i ein liknande situasjon med estimert populasjon på 5500 individ i 2015, har hatt ein nedgang på 96 % over tre generasjonar. Han lever i dag hovudsakleg innanfor verneområde, bestanden minkar på grunn av reduserte mellomstore pattedyrpopulasjonar og habitatendringar. Hastehandlingar inkluderer handheving av lovar mot forgifting og bevisstgjering for å redusere trugsmåla.

Ein art, gåsegribb (Gyps fulvus), bryt dette mønstret. Han er kategorisert som livskraftig. Medan estimata varierer, varierer estimata for den globale populasjonen frå 80 000 til 900 000 modne individ. Europeiske bestandar aukar på grunn av bevaringsarbeid, inkludert gjeninnføringar. Det er likevel registrert nedgang i Nord-Afrika, Tyrkia og Nord-Israel på grunn av forfølging og forgifting. Totalt sett blir arten trudd å vere stabil eller aukande, først og fremst på grunn av bevaringsinitiativ i Europa.

Artsliste gribbar

Underfamilie Aegypiinae
Underfamilie Gypaetinae

Kjelder