Trappar
Koritrappe Ardeotis kori Foto: Fiver Löcker
Koritrappe Ardeotis kori
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Otidiformes
Familie: Trappar Otididae
Rafinesque, 1815

Trappar er store bakkelevande fuglar med leveområde på tørt og opent steppeland i «den gamle verda» og Australia. Gruppa samlar 26 artar i 9 slekter og utgjer den biologiske familien Otididae i sin eigen orden Otidiformes.

Trappar er altetande og hekkar på bakken. Dei går på kraftige bein med store tær, undervegs hakkar dei føde frå bakken. Dei har lange, breie venger og syner sprikande handsvingfjør og kjennelege mønstre under flyginga. Mange har interessante oppvisingar under paringsleiken, som oppblåste strupesekkar og oppreiste fjørtoppar. Hofuglane legg tre til fem mørke, spraglete egg i ei senking i bakken, og rugar dei aleine.

Utanom hekkesesongen er trappar sosiale og lever i flokkar. Dei er vare og vanskelege å nærme seg i dei opne habitat dei føretrekk.

Namibitrappe, Eupodotis rueppellii
Foto: Alastair Rae

Dei fleste artane har ein minkande bestand eller er utryddingstrua på grunn av jakt og tap av habitat, sjølv om dei offisielt er verna. Stortrappe blei utrydda i Storbritannia på 1830-talet. Ein freistar no å gjeninnføre arten i landet.[1]

Artsliste

Trappar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Otis

Slekt Ardeotis

Slekt Chlamydotis

Slekt Neotis

Slekt Eupodotis

Slekt Lissotis

Slekt Houbaropsis

Slekt Sypheotides

Slekt Tetrax

Kjelder

Fotnotar

  1. Om prosjektet for å gjeninnføre stortrappe i Storbritannia, lest 16. august 2009
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Otididae