Uglesvaler | |
![]() Nettuglesvale (Aegotheles bennettii) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Uglesvaler Aegotheliformes |
Familie: | Uglesvaler Aegothelidae |
Slekt: | Uglesvaler Aegotheles Vigors & Horsfield, 1827 |
Uglesvaler (Aegotheles) er ei biologisk slekt av små nattaktive fuglar med slektskap til natteramnar og froskemunnar. Slekta er monotypisk i uglesvalefamilien Aegothelidae som òg er monotypisk i sin orden Aegotheliformes. Dei fleste uglesvaler lever på Ny-Guinea, men nokre artar finst òg i Australia, Molukkane og Ny-Caledonia.
Uglesvaler er insektetarar som jaktar mest i lufta, men nokre gonger på bakken. Fjørdrakta er mjuk i kamuflerande farger i brunt med lysare nyansar. Dei har ganske små, svake føter, men større og sterkare enn hos froskemunnar og natteramnar. Nebbet er lite, men opnar seg usedvanleg breitt, og er omgjeve av framståande bustar. Vengene er korte, med 10 primære svingfjører og ca. 11 sekundære svingfjører; halen lang og avrunda.
Uglesvaler i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
Orden Aegotheliformes