Chlorostilbon | |
Glansbuksmaragd, Chlorostilbon lucidus Hofugl på reir Foto: Marcos André
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Trochilini |
Slekt: | Chlorostilbon Gould, 1853 |
Chlorostilbon er ei biologisk slekt av kolibriar i familien Trochilidae. Slekta er ein del av ei større gruppe Trochilini («smaragdar»). Artane i denne slekta har rette nebb, dei fleste med svart nebb der glansbuksmaragd er eit unnatak med raudt nebb. Hannane er samla sett i iriserande grøn, gyldengrøn eller blågrøn fjørdrakt, og hos einskilde artar er halen og / eller halsen blå. Hoene har kvitaktig til grå underside, kvite fjørtuppar på halen og kvit post-okulær strek, strek bak auget.
Trochilini er nyleg (2023) revidert, og slekta Chlorostilbon, slik som lista i IOC World Bird List, har minka i talet på artar frå 16 til 10.[1] Per 2023 er det lite samsvar mellom dei ulike listeautoritetane i synet på plassering av «smaragdar» i slektene.
Chlorostilbon i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]