Cinnamomum
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Laurales
Familie: Laurbærfamilien Lauraceae
Slekt: Cinnamomum
Schaeff., 1760

Cinnamomum er ei planteslekt i laurbærfamilien. Ho omfattar rundt 350 artar som er utbreidde i tropiske og subtropiske delar av Asia, Australia, stillehavsøyane og tropisk Amerika. Nokre av artane er nyttevekstar, som kaneltre, kamfertre og kassiakanel. Mange av treslaga i slekta har såleis stor økonomisk verdi.[1]

Artane i Cinnamomum er eviggrøne tre og buskar. Bork, kvistar og bladverk har ei sterk lukt. Blada sit spreidd, nesten motsett eller motsett. Dei er lêraktige og som regel likenerva med tre hovudnervar, men kan også vera fjørnerva. Blomestanden er ein topp som består av fleire kvastar. Blomane er tvikjønna og gule eller kvite. Frukta er kjøtfull og sit i ein kopp som er danna av blomedekket.[2]

Utvalgte arter

Cinnamomum burmanni
Cinnamomum glanduliferum
Cinnamomum iners
Cinnamomum japonicum
Cinnamomum malabatrum
Cinnamomum tamala
Cinnamomum wightii

Noen av kaneltre-artene omfatter:

Kjelder

  1. J.-F. Huang m.fl. (2016). «Origins and evolution of cinnamon and camphor: a phylogenetic and historical biogeographical analysis of the Cinnamomum group (Lauraceae)» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolution 96: 33–44. ISSN 1055-7903. PMID 26718058. doi:10.1016/j.ympev.2015.12.007. 
  2. «Cinnamomum». Flora of China. Henta 14. oktober 2019. 

Bakgrunnsstoff