Dedicated to the One I Love
Studioalbum av Linda Ronstadt
Utgjeve Juni 1996
Innspelt September 1995 til januar 1996
Studio The Simplex (bortsett frå 'Winter Light' som vart spelt inn i 1993 på Skywalker Ranch.)
Sjanger
Lengd 29:21
Selskap Elektra, Rhino, Flashback
Produsent George Massenburg, Linda Ronstadt
Linda Ronstadt-kronologi 
Feels Like Home
(1995)
Dedicated to the One I Love We Ran
(1998)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]
Entertainment WeeklyB−[2]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[3]

Dedicated to the One I Love er det tjuande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i juni 1996. Det består av rockeklassikarar tolkar som voggesongar for barn.

Albumet nådde 78. plassen og låg tre månader inne på den amerikanske albumlista til Billboard. Det var òg det einaste albumet til Ronstadt som nådde toppen av Top Kid Audio-lista. I 1997 vann ho Grammyprisen for beste barnemusikkalbum.

Albumet inneheld bidrag frå Aaron Neville, som syng duett på «Brahms' Lullaby» og Valerie Carter som syng harmonivokal på dei fleste spora.

AllMusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine gav albumet 2,5 av 5 stjerner og skreiv: «Alle songane har fått eit svulstig og roleg arrangement, sjølv når dette blir nærmast latterleg. Det kan ha vore ein søt ide å syngje Queen sin «We Will Rock You» som ein voggesong, men i praksis er det berre latterleg… appellen til Dedicated to the One I Love er avgrensa...»[1]

Innhald

[endre | endre wikiteksten]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Dedicated to the One I Love»Ralph Bass, Lowman Pauling2:10
2.«Be My Baby»Phil Spector, Jeff Barry, Ellie Greenwich3:16
3.«In My Room»Brian Wilson, Gary Usher2:18
4.«Devoted to You»Felice Bryant, Boudleaux Bryant2:24
5.«Baby, I Love You»Spector, Barry, Greenwich2:56
6.«Devoted to You»Bryant, Bryant0:48
7.«Angel Baby»Rosie Hamlin3:15
8.«We Will Rock You»Brian May1:29
9.«Winter Light»Eric Kaz, Linda Ronstadt, Zbigniew Preisner3:17
10.«Brahms' Lullaby»Johannes Brahms3:37
11.«Good Night»John Lennon, Paul McCartney3:51
Total lengd:29:21

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
The Skywalker Symphony Orchestra

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Dedicated to the One I Love - Linda Ronstadt». AllMusic. Henta 8. desember 2020. 
  2. Cannon, Bob (14. juni 1996). «Dedicated to the One I Love Review». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 21. oktober 2012. Henta 8. desember 2020. 
  3. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 701. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone linda ronstadt album guide.»