Feels Like Home Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. mars 1995 | |
Innspelt | 1994 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 39:26 | |
Selskap | Elektra | |
Produsent | George Massenburg, Linda Ronstadt | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Winter Light (1993) |
Feels Like Home | Dedicated to the One I Love (1996)
|
Singlar frå Feels Like Home | ||
|
Feels Like Home er det tjuande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i mars 1995. Det nådde 75. plassen på den amerikanske Billboard-lista og låg 12 veker inne på lista. Albumet selde opp under 200 000 eksemplar i USA, men er i dag ikkje lenger i fysisk sal.
Fem av songane var opphavleg meint for eit nytt Trio-album med Ronstadt, Emmylou Harris og Dolly Parton, som vart spelt inn i 1994. Albumet vart ikkje noko av på den tida, så Ronstadt tok fem av songane med på dette albumet i staden, utan vokalen til Parton, som måtte fjernast. Desse fem songane kom derimot ut i nymiksa utgåve på Trio II i 1998.
Ein singel frå albumet, Tom Petty sin «The Waiting» og «Walk On», kom ut samstundes som albumet. «Walk On» var første gongen Ronstadt gjekk inn på [[Billboard Country Singles]-lista som soloartist sidan 1983. Songen var tidlegare blitt spelt inn av Matraca Berg i 1990 på debutalbumet hennar Lying to the Moon.
Adult Contemporary radio spelte «The Blue Train» ein del og denne nådde 31. plassen på denne lista. Songen «Feels Like Home» vart nytta i Randy Newman-musikalen Randy Newman's Faust, som hadde premiere i 1995, og har sidan blitt spelt av mange andre artistar.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Chicago Tribune | ![]() ![]() ![]() ![]() |
Entertainment Weekly | A−[3] |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
I meldinga si for Allmusic skreiv Jose Promis at albumet «gjekk attende til countryrockrøtene hennar. Albumet er av topp kvalitet, men litt keisamt. Stemma til Ronstadt er like bra som alltid og songane er fine, men det er likevel noko som manglar, særleg mot slutten, då det berre verkar å drive avstad.»[1]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Waiting» | Tom Petty | 3:58 |
2. | «Walk On» | Matraca Berg, Ronnie Samoset | 2:58 |
3. | «High Sierra» | Harley Allen | 4:24 |
4. | «After the Gold Rush» | Neil Young | 3:33 |
5. | «The Blue Train» | Jennifer Kimball, Tom Kimmel | 5:04 |
6. | «Feels Like Home» | Randy Newman | 4:50 |
7. | «Teardrops Will Fall» | Eddie Deane | 3:08 |
8. | «Morning Blues» | Traditional | 3:57 |
9. | «Women Cross the River» | David Olney | 3:33 |
10. | «Lover's Return» | A.P. Carter | 4:01 |
Total lengd: | 39:26 |
Teknisk