Do You Believe in Miracles Singel av Slade frå albumet Crackers – The Christmas Party Album
|
|
B-side
|
My Oh My (Swing version)
|
Utgjeve
|
22. november 1985[1]
|
Sjanger
|
Poprock
|
Lengd
|
4:11
|
Selskap
|
RCA
|
Låtskrivar(ar)
|
|
Produsent
|
|
Slade-kronologi
|
«Little Sheila» (1985)
|
Do You Believe in Miracles
|
«Still the Same» (1987)
|
«Do You Believe in Miracles» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1985 som ein singel i samband med samleplata Crackers: The Christmas Party Album.[2] Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde 54. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i seks veker.[3]
«Do You Believe in Miracles» var inspirert av Bob Geldof og den veldedige konserten Live Aid, som Slade ikkje vart invitert til å spele på. Teksten omhandlar tankane til Holder kring det Geldof fekk til med Live Aid.[4]
B-sida til singelen var «My Oh My (Swing Version)», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samlealbumet B-Sides. På 12"-singelen var det ein lengre versjon av «Do You Believe in Miracles» på A-sida og ei andre B-side, «Time to Rock», henta frå albumet Rogues Gallery.[5][6]
Det vart filma ein musikkvideo til songen, regissert av Phillip Davey.
- 7"-singel
- «Do You Believe in Miracles» - 4:11
- «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
- 7"-singel (australsk utgåve)
- «Do You Believe in Miracles» - 4:11
- «Time to Rock» - 4:08
- 7"-singel (ecuadoriansk promoutgåve)
- «Do You Believe in Miracles» - 4:11
- «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
- 7" britisk juleutgåve
- «Do You Believe in Miracles» - 4:11
- «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
- «Santa Claus Is Coming to Town» - 2:39
- «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone» - 3:28
- 12"-singel
- «Do You Believe in Miracles (Extended Version)» - 6:12
- «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
- «Time to Rock» - 4:08
- 12" britisk juleutgåve
- «Do You Believe in Miracles» - 4:11
- «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
- «Time to Rock» - 4:08
- «Santa Claus Is Coming to Town» - 2:39
- «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone» - 3:28
Liste (1985)
|
Plassering
|
UK Singles Chart[3]
|
54
|
- Slade
- Noddy Holder - solovokal
- Jim Lea - bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Time to Rock», «Santa Claus is Coming to Town» og «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone», arrangør
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- John Punter - produsent på «Do You Believe in Miracles»
- Monty Babson - produsent på «My Oh My (Swing Version)»
- Stan Butcher - arrangør på «My Oh My (Swing Version)»
- The Clinic - design, illustrasjon
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum |
- Coz I Luv You (1972)
- Sladest (1973)
- Slade Smashes! (1980)
- Slades Greats (1984)
- The Slade Collection 81-87 (1991)
- Wall of Hits (1991)
- The Slade Collection Vol. 2, 79-87 (1993)
- The Genesis of Slade (1996)
- Feel the Noize – Greatest Hits (1997)
- Get Yer Boots On: The Best of Slade (2004)
- The Very Best of Slade (2005)
- Slade Alive! – The Live Anthology (2006)
- B-Sides (2007)
- Rockers (2007)
- In for a Penny: Raves & Faves (2007)
- Live at the BBC (2009)
- Merry Xmas Everybody: Party Hits (2009)
|
---|
Plateboksar |
- The Slade Box (2006)
- When Slade Rocked the World (2015)
|
---|
EP-ar |
- Six of the Best
- Alive at Reading
- Xmas Ear Bender
|
---|
Singlar | |
---|
Video | |
---|
Tilknytte artiklar |
- Diskografi
- The Dummies
- A Day in the Life of the Dummies
- Keep On Rockin' av Slade II
- Therapy (James Whild Lea-album)
|
---|