Lock Up Your Daughters Singel av Slade frå albumet Till Deaf Do Us Part | ||
B-side |
Sign of the Times | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. september 1981 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:26 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | Noddy Holder, Jim Lea | |
Tekstforfattar | Noddy Holder, Jim Lea | |
Låtskrivar(ar) | Noddy Holder, Jim Lea | |
Produsent | Slade | |
Slade-kronologi | ||
«Knuckle Sandwich Nancy» (1981) |
Lock Up Your Daughters | «Ruby Red» (1982)
|
«Lock Up Your Daughters» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1981 som den andre singelen frå det tiande studioalbumet Till Deaf Do Us Part. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. Songen nådde 29. plassen på den britiske singellista og låg på lista i åtte veker.[1]
«Lock Up Your Daughters» var meir heavy metal-dominert enn vanleg for bandet, som ein respons på at dei hadde tiltrekt seg meir metal-fans etter Readingfestivalen. Songen vart mykje spelt på konsertane deira.[2]
B-sida til songen var «Sign of the Times», opphavleg frå albumet Return to Base i 1979, då han òg kom ut på singel.[3][4]
Det vart filma ein musikkvideo til songen, men denne vart lite vist då han kom. Han vart filma 7. september 1981 i Portland Studios i London.[5] Bandet spelte songen på musikkshowet Top of the Pops i september 1981 og igjen nokre veker seinare. Bandet framførte òg songen på det nederlandske TV-showet TopPop.[6]
Liste (1981) | Plassering |
---|---|
Den nederlandske singellista[7] | 19 |
UK Singles Chart[1] | 29 |
| |
Studioalbum |
|
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Plateboksar |
|
EP-ar |
|
Singlar |
|
Video |
|
Tilknytte artiklar |
|