Eggrulling er ein påskeleik for to eller fleire deltakarar som går ut på å rulla egg nedover ein skråning, gjennom ein bane eller langs bakken. Målet med tevlinga kan vera å få egget lengst eller raskast fram, å hindra det frå å knusa, eller å treffa egga til andre deltakarar.[1] Egga som blir brukt er gjerne dekorerte for å gjera det lettare å skilja dei frå kvarandre, og hardkokte for å hindra at dei lager søl.[1]
Ein kjenner døme på eggrulling frå 1500-talet. Skikken er mellom anna utbreidd i Nord-Europa, Storbritannia og USA. I tysk tradisjon har ein laga banar av pinnar der ein tevler om kva egg som rullar fortast. I Danmark, særleg i området rundt Køge, har ein tevla i skråningar i skogar eller på grassletter om å senda egget lengst mogleg. I litauisk tradisjon kan ein vinna egg ved å rulla sitt eige egg borti dei. Ein liknande tradisjon finst i Egypt, der barn ruller gul- og raudfarga egg mot ei rekkje av egg og vinn dei om skalet på eit av dei knekk.[2] I Noreg kan einskilde skular og barnehagar ha eggrulling som del av påskemarkeringa si.[3]
Eggrulling har lange tradisjonar i Storbritannia, der ein typisk rullar egg ned ein bakke. Det var rekna som lykkebringande om eggeskalet ikkje knuste under rullinga, og endå betre om det knuste ein annan sitt egg.[2] Tradisjonelt brukte ein gjerne egg kokte i laukskal, noko som gav dei ein gyllen farge. I dag er det vanlegare å pynta egga med måling. I Lancashire blir det halde årlege eggerullingar ved Holcombe Hill nær Ramsbottom og i Avenham Park i Preston, der hendinga har utvikla seg til ein liten festival.[4] Andre tradisjonelle eggerullingsstader er vollgrava til borga i Penrith i Cumbria, Bunkers Hill i Derby, Beacon Hill i Berkshire og Arthur's Seat i Edinburgh.
Rullinga blir likna med steinen utanfor grava til Jesus, som blei rulla vekk frå opninga.[5] Gammal folketru frå Lancashire seier at eggeskala må knusast i små bitar etterpå for at ikkje hekser skal stela dei og bruka dei som båtar.[6]
I USA er eggrulling særleg kjend frå tilstellingar ved Det kvite huset i Washington D.C. Tevlinga her går ut på å trilla egg raskast mogleg med ei skei eller ein pinne på ein bane.[7] Eggrulling og eggeleikar har funne stad i Washington sidan 1800-talet, men blei bannlyste frå Capitol utanfor Kongressen i 1876, etter at stor folkeferdsel øydela grasdekket.[8][9]
Den første offisielle tilstellinga ved Det kvite huset blei halden av Rutherford B. Hayes i 1878.[10] Tilstellinga kan også omfatta underhaldning som mat, musikk, andre leikar og dyr. Ofte kler ein representant for presidenten seg ut som påskeharen.[9] I dag er eggrullinga så populær at ein deler ut billettar til tilstellinga gjennom eit lotteri. Barna som tek del får med seg treegg signerte av presidenten og førstedama som suvenirar.[8]