Erkebiskop Michael Augustine ber krossen under ein krossvegsandakt på langfredag i Puducherry.
Krossvegsopptog i Maracaibo i Venezuela.
Dramatisering av krossvandringa i Tocuyo de la Costa i Venezuela. Stasjon 14, Jesus blir gravlagd.
Foto: Gladys Urquía

Krossvegsandakt er ei andaktsform som viser tilbake til Jesus sin lidingsveg (Via Dolorosa) før krossfestinga. Ho er særleg kjend frå den katolske kyrkja.

Krossvegsandakta følgjer 14 «stasjonar» knytte til ulike hendingar frå den bibelske påskeforteljinga og overleverte tradisjonar.

Krossvandringa minnar om Jesus sin gang med krossen til krossfestinga. Krossvandringar blir særleg haldne i samband med påsken eller fastetida, særleg på langfredag. Mellom anna blir dei haldne på Via Dolorosa i Jerusalem, rekna som vegen til Golgata. Desse vandringane ender som regel i Gravkyrkja.

Historie

Krossvegsandakta byrja med pilegrimsreiser til Jerusalem, der ein kunne vitja dei ulike stadene nemnd i lidingssoga. Opphavleg blei nemninga «stasjonar» brukt om punkt på vegen «Via Sacra» som følgde vegen til krossen. Seinare tok fransiskanarmunkar, som tok over forvaltinga av dei heilage stadene i Jerusalem i 1342, bruken av stasjonar inn i kyrkjene.s På 1400- og 1500-talet bygde fransiskanarane utandørsalter som spegla desse stadene i Jerusalem. Dei avbilda då mellom elleve og tretti stasjonar. Mange stader blei det sett opp krossvegsstasjonar på passande vegar, og det utvikla seg lokale tradisjonar. Krossvegar kunne gå opp til eit fjell, til dømes Sacro Monte di Domodossola (1657) og Sacro Monte di Belmonte (1712) i Italia, som tilhøyrer verdsarvstaden Sacri Monti.

I 1686 godkjende pave Innocens XI bygging av stasjonar inni fransiskanske kyrkjer. I 1731 blei bygging av stasjonar godkjend også i andre kyrkjer, så lenge fransiskanarar reiste dei. Talet på stasjonar blei fastsett til fjorten.

Krossvegsandakten har mellom anna vore viktig innan katolsk frigjeringsteologi, der ein sette lidingane til Jesus i samband med sine eigne. Andakten har også inspirert andre kyrkjer, som reformerte og frikyrkjer. Her har ein ofte lagt vekt på å få ei sterkare bibelsk tilknyting enn den tradisjonelle krossvegen. Krossvandringar kan likna meir eller mindre på krossvegsandakten. Krossvegsstasjonane kan brukast av truande åleine, eller ein kan følgja ein som leiar andakten.

Stasjonane

Krossvegsbilete frå Mariakyrkja i Sehnde.

I mange kyrkjer er det avbilda fjorten krossvegsstasjonar som framstiller etappene i Jesu veg til Golgata. Ved andakten flytter ein seg mellom desse og ber bønene som høyrer til kvar stasjon. Krossvegsandakter er særleg vanlege i faste- og pasjonstida. Stasjonane er ofte nummererte med romartal.

I somme høve blir det teke med ein 15. stasjon, oppstandinga til Jesus.

Alle dei tradisjonelle stasjonane har ikkje belegg i Bibelen. Stasjon 3, 4, 6, 7 og 9 er ikkje spesielt nemnde i lidingssoga (særleg tradisjonen om Veronika er berre kjend frå mellomalderen av), og stasjon 13 er også meir omfattande enn det som står skrive. På langfredag i 1991 gav pave Johannes Paul II ei alternativ samling stasjonar som alle hadde bibelsk grunnlag:

Biletdøme

Bileta er henta frå ulike kyrkjer og krossvegar.

Sjå òg

Kjelder



Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Krossvegsandakt