Skisse av endometriose.

Endometriose er ein vanleg medisinsk tilstand der slimhinna som kler innsida av livmora (uterus), endometriet, eller vev som liknar denne, vert funne utanfor livmora, og påverkar andre organ i bekkenet. Tilstanden kan leia til alvorlege helseproblem, vanlegast smerte og infertilitet. Endometriose oppstår først og fremst hos kvinner i den fertile alderen.

Symptom

Det vanlegaste symptomet til endometriose er smerte, oftast nede i mageregionen, i nedre del av ryggen og i bekkenregionen. Styrken av smerte ei kvinne kjenner treng ikkje stå i høve til utbreiinga av endometriose. Somme kvinner kan ha lita eller inga smerte sjølv med sterkt utbreidd endometriose, andre kan ha sterke smerter sjølv om tilstanden berre finst i små område.

Symptom på endometriose kan vera (men er ikkje berre avgrensa til):

I tillegg kan kvinner med endometriose ha gastrointestinale (frå magen) symptom som kan likna «irritabelt tarmsyndrom». Dei kjenner seg ofte også svært trøytte.

Pasientar som får ruptur av ei endometriosecyste kan gjerne ha symptom som liknar dei ved akutt abdomen som er ein medisinsk naudhjelpstilstand.

Epidemiologi

Endometriose kan råka ei kvar kvinne i fertil alder, frå menarke (den første menstruasjonsblødninga) til menopause (overgangsalder), utan omsyn til rase, etnisk bakgrunn, om ho har fødd born eller ikkje, og er uavhengig av sosioøkonomisk status. Dei fleste pasientar med endometriose er i 20- eller 30-åra. Tilstanden held seg sjeldan etter menopause, men av og til kan hormonbehandling av menopauseplager føra til at symptoma på endometriose varer ved.

Undersøkingar har vist at talet på kvinner med endometriose ligg mellom 2 og 10 prosent av dei i fertil alder. Mellom 30 og 40 prosent av kvinner med endometriose er infertile. Somme kvinner veit ikkje at dei har endometriose før dei får vanskar med å verta gravide. Medan utbreidd endometriose kan skipla dei anatomiske tilhøva i bekkenet, og på den måten forklara at infertilitet oppstår, er høvet mellom tidleg eller mild endometriose og infertilitet meir uklår. Det vert gjort utstrekt forsking på tilhøvet mellom endometriose og infertilitet.

Utbreiing

Tidleg endometriose kan finnast på overflatene til organ i bekkenet og inne i bukhola (intraabdominalt). Helsepersonell har ulike nemningar på endometriose, t.d. implantat, lesjonar eller nodular. Større lesjonar i eggstokkane (ovaria) vert gjerne kalla «endometriom» eller «sjokoladecyster» (fordi dei inneheld ei tjukk brunaktig væske, for det meste gammalt blod). Endometriose kan utløysa inflammatoriske reaksjonar som leier til danning av arr og samanvokster i tarm og bekkenorgan.

Det meste av endometriose vert funne i bekkenhola (lat. cavum pelvii):

Endometriose kan spreia seg til livmorhalsen (cervix uteri), til skjeden (vagina) eller til stader der det er gjort kirurgiske inngrep i buken. I svært sjeldne tilfelle kan ein finna endometriose i lungene eller andre stader i kroppen.

Kirurgar deler gjerne endometriose inn i stadium etter kor utbreidd tilstanden er. I USA deler ein inn i stadium I-IV (Revised Classification of the American Society of Reproductive Medicine).

Årsaker (patogenese)

Ettersom ein ikkje kjenner ei sikker årsak til endometriose, er det sett fram mange teoriar som prøver å forklara denne utviklinga. Dei ulike teoriane treng ikkje utelata einannan:

Eit anna forskingsområde når det gjeld endometriose er leitinga etter markørar for tilstanden. Markørane er stoff som vert danna av eller som svar på at endometriose finst hos pasienten og som kan målast i blod eller urin. Dersom det vert funne pålitelege markørar kan desse målast i kvinna sitt blod eller urin, og dette kan redusera behovet for kirurgisk behandling. Ein kjenner til at markøren CA 125 finst i høgare konsentrasjon hjå mange pasientar med endometriose, men markøren er ikkje spesifikk nok til å påvisa sikker endometriose.

Diagnose

Sjukehistoria (anamnesen) og ei klinisk undersøking vil i mange tilfelle føra til at lækjaren mistenkjer diagnosen.

Biletdiagnostikk kan påvisa større område med endometriose, som t.d. noduli eller endometriske cyster. Dei to mest vanlege biletundersøkingane er ultralyd og MR (Magnetic Resonance Imaging.) Normale resultat av desse undersøkingane kan ikkje sikkert utelata førekomst av endometriose, områda der tilstanden finst er ofte for små til at dei kan påvisast med desse metodane.

Ein sikrare måte til å stadfesta ein endometriosediagnose er ved laparoskopi («kikhol»-undersøking). Diagnosen baserer seg her på den karakteristiske utsjånaden til tilstanden, om naudsynt komplettert med prøvetaking (biopsi). Laparoskopi er også egna for kirurgisk behandling av tilstanden.

Kvinner bør ikkje ha medikamentell behandling (utanom p-pille) for endometriose utan at tilstanden er sikkert diagnostisert.

Årsaker til smerte

Det har vore forska mykje på korleis endometriose valdar smerte. Fordi mange kvinner med endometriose kjenner smerte under eller i samband med menstruasjonsblødningane sine, og kan få meir menstruasjonsvæske inn i bekkenhola ved kvar blødning, vil mange lækjarar freista å redusera menstruasjonane hjå kvinner som er plaga med denne tilstanden.

Endometrisk vev reagerer på hormonell stimulering og kan «blø» under menstruasjonen. Det hopar seg opp lokalt i bukhola, kan føra til opphovning og utløysa inflammatoriske reaksjonar med aktivering av cytokinin. Dette meiner ein kan føra til smertekjensle.

Behandling

Der er inga behandling mot årsaka til endometriose, men hjå dei fleste pasientar vil menopausen (anten naturleg eller kirurgisk) avslutta tilstanden. Fjerning av livmora (hysterectomi) eller av eggstokkane (oophorectomi) kan likevel ikkje garantera at symptoma på endometriose vil verta borte eller at tilstanden ikkje vil koma attende. Likevel vil endometriose kunna verta effektivt behandla hjå ein stor majoritet av pasientane. Konservativ behandling vil vanlegvis retta seg mot handsaming av smerte og infertilitet.

Behandling for smerte ved endometriose:

Pasientar som er gravide har generelt mindre smerter under graviditeten, og det er ikkje uvanleg at dei har mildare symptom etter nedkomsten.

Behandling av infertilitet

I dei fleste tilfelle vil behandling og kontrollar av kvinner med endometriose finna stad hos lækjar som er spesialist i underlivssjukdommar hjå kvinner, gynekolog.

Endometriose og kreft

Endometriose er ikkje det same som endometriekreft (endometriecancer). Undersøkingar har ikkje vist samanheng mellom endometriose og kreft i endometriet, livmorhalsen, livmora eller eggstokkane. I svært sjeldne tilfelle (mindre enn ein prosent) finst endometriose saman med kreft i endometriet, men der er ingen haldepunkt for at den eine tilstanden skal ha valda den andre. Endometriose er ofte tilstades saman med leiomyom eller adenomyose i livmora.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Endometriose