Evangeline Studioalbum av Emmylou Harris | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1981 | |
Innspelt | 1978–1980 | |
Studio | Enactron Studios NashvilleNashville | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 33:35 | |
Selskap | Warner Bros. Nashville | |
Produsent | Brian Ahern | |
Emmylou Harris-kronologi | ||
---|---|---|
Roses in the Snow (1980) |
Evangeline | Cimarron (1981)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Evangeline er det niande studioalbumet til Emmylou Harris, gjeve ut i januar 1981. Det bestod hovudsakleg av songar som var til overs frå tidlegare innspelignar, og som ikkje hadde passa inn på dei andre albuma hennar. Av desse finn ein versjonar av «Mister Sandman» (frå Trio-innspelingane med Dolly Parton og Linda Ronstadt), «Evangeline» (òg med vokal av Parton og Ronstadt), som ho tidlegare hadde spelt i lag med The Band, Rodney Crowell sin «Ashes By Now», og ein versjon av John Fogerty sin «Bad Moon Rising». Sjølv om det fekk blanda kritikk då det kom ut, vart det nok ein kommersiell suksess for Harris. Det selde til gullplate mindre enn eit år etter det kom ut.
Ei singelutgåve av «Mister Sandman» gjorde det godt på listene og nådde topp 10 på countrylista og topp 40 på poplista i USA. Men sidan verken selskapet til Ronstadt og Parton godtok at vokalen til artistane deira vart nytta på singelen, valde Harris å spele inn songen på ny, og song alle tre partane for singelen. Rodney Crowell sin «I Don't Have to Crawl» vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet. Det vart laga musikkvideoar til begge singlane.
Albumet er ein av to Harris album som aldri før er gjevne ut på separate CD-plater (men i 2011 vart albumet gjort tilgjengeleg digitalt. Albumet er i dag på CD i ei samling kalla Emmylou Harris Original Album Series Vol. 2 frå 2013.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Don't Have to Crawl» | Rodney Crowell | 3:46 |
2. | «How High the Moon» | Morgan Lewis, Nancy Hamilton | 3:21 |
3. | «Spanish Johnny» (med Waylon Jennings) | Paul Siebel | 3:50 |
4. | «Bad Moon Rising» | John Fogerty | 2:40 |
5. | «Evangeline» (harmonivokal av Dolly Parton og Linda Ronstadt) | Robbie Robertson | 3:09 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Hot Burrito #2» | Gram Parsons, Chris Ethridge | 3:04 |
7. | «Millworker» | James Taylor | 4:03 |
8. | «Oh Atlanta» | Bill Payne | 2:58 |
9. | «Mr. Sandman» (harmonivokal av Dolly Parton og Linda Ronstadt) | Pat Ballard | 2:20 |
10. | «Ashes by Now» | Rodney Crowell | 4:24 |
Teknisk
Liste (1981) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Top Country Albums | 5 |
U.S. Billboard 200 | 22 |