Fashion Singel av David Bowie frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps) | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 20. oktober 1980[1] | |
Innspelt | Februar 1980 til april 1980 | |
Studio | Power Station, New York; Good Earth, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:23 (singel) 4:46 (album) | |
Selskap | RCA Records BOW 7 | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
«Ashes to Ashes» (1980) |
Fashion | «Scary Monsters (And Super Creeps)» (1981)
|
«Fashion» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, utgjeve i 1980 på albumet hans Scary Monsters (And Super Creeps). Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og kom i lag med ein høgt akta musikkvideo.[4][5]
Singelen vart rangert som den åttande beste i 1980 av magasinet NME.[6]
I følgje medprodusent Tony Visconti var «Fashion» den siste songen som vart gjort ferdig for Scary Monsters. Basslinja og noko av melodien er inspirert av hitten til Bowie frå 1975, «Golden Years».[5] Gjestegitarist Robert Fripp medverka med ei rekkje skurrande, mekaniske riff som utfylte funk/reggae-arrangementet til bandet.
Songen er kjend for den kjenslemessige tomme koreffekten, og onomatopoietikonet «beep beep», som kjem att fleire gonger. Bowie hadde først nytta dette i songen «Rupert the Riley» frå 1970, som aldri er vorte gjeven ut.[7] Eit anna uttrykk i teksten lånt frå ein tidlegare tekst av Bowie var «People from Bad Homes», som var tittelsporet på eit album frå 1973 som han produserte for The Astronettes. Dette kom først ut i 1995.[8]
Referansar til ein «goon squad» som kjem til byen gav teoriar om at songen eigentleg omhandla fascisme.[4] Bowie sa dette var feil i eit intervju som kom ut kort tid før Scary Monsters, og sa at han prøvde «dra det litt vidare frå Ray Davies-konseptet om mote, og føreslo ein viljefastleik med gnissande tenner og ein utryggleik om kvifor ein gjer det».[9] Biografen David Buckley meinte songen «gjer narr av banaliteten på dansegolvet og stil-fascistane» i New Romantic-rørsla.[7]
David Mallet laga ein musikkvideo for «Fashion» i nattklubben HURRAH, eigd av venen Robert Boykin. Den fasettert spegelveggen kring dansegolvet er synleg i bakgrunnen, og alle i bandet er filma i denne klubben. Andre stader kring Manhattan er klipt inn i videoen. I ein scene kan ein sjå Bowie som spelar føre ei gruppe kjenslelause tilhengjarar som etterliknar alle rørsle hans som ein robot. Etter ei rekkje ansiktsgrimasar, gjer Bowie det same han hadde gjort i videoen til «Ashes to Ashes»: han bøyer seg sakte ned og fører armen til bakken i ein langsam vertikal boge. Lesarane av Record Mirror kåra «Fashion» og «Ashes to Ashes» til dei beste musikkvideoane i 1980.[5]
I videoen kan ein sjå Carlos Alomar, G.E. Smith (Hall & Oates), May Pang (som var kjærasten til John Lennon frå 1973–1975 og som seinare gifta seg med Tony Visconti) og Alan Hunter, som vart ein av dei første programvertane på MTV.
«Fashion» var den andre singelen frå Scary Monsters og den første som kom ut etter albumet kom ut i september 1980. Den redigerte singelversjonen nådde femteplassen i Storbritannia[1] og 70. plassen i USA. I Noreg nådde singelen niandeplass. Det britiske singelomslaget var ein variant av plateomslaget til platesamlinga Best of Bowie frå 1980.[4]
Songen vart rangert på topp ti-lista til NME over dei beste songane frå 1980.[10]
Songen vart nytta i filmen Clueless. Under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London vart «Fashion» nytta under ein hyllest til britisk moteindustri.
Bowie framførte songen på dei fleste turenane sine etter 1980, inkludert Serious Moonlight-turneen (1983), Glass Spider-turneen (1987), Sound+Vision-turneen (1990), Earthling-turneen (1997), Heathen-turneen (2002) og Reality-turneen (2003-2004). Songen kom ut på to konsertvideoar: Serious Moonlight (1983) og Glass Spider (1988).
Alle songane skrivne av David Bowie.[11]
Liste (1980–1981) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report) | 27 |
Irish Singles Chart[13] | 11 |
New Zealand (RIANZ)[14] | 22 |
Noreg (VG-lista)[15] | 9 |
Sør-Afrika[16] | 8 |
Sverige (Sverigetopplistan)[17] | 7 |
UK (Official Charts Company)[18] | 5 |
U.S. Billboard Hot 100[19] | 70 |
Tyskland (Media Control AG)[20] | 34 |