The Man Who Sold the World Song av David Bowie frå albumet The Man Who Sold the World | ||
Utgjeve | 4. november 1970 (USA) April 1971 (UK) | |
Innspelt | Trident og Advision Studios, London 18. april - 22. mai 1970 | |
Sjanger | Glamrock, psykedelisk rock, kunstrock | |
Lengd | 3:55 | |
Selskap | Mercury Records | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | Tony Visconti |
«The Man Who Sold the World» er ein song av David Bowie. Songen er tittelsporet på det tredje studioalbumet hans, gjeven ut i USA i november 1970 og i Storbritannia i april 1971. Songen har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Lulu, som nådde tredjeplassen i Storbritannia med songen i 1974 og Nirvana som spelte songen i 1993 for MTV Unplugged og introduserte songen for eit nytt publikum.
Songen vart omarbeidd av Bowie med ei kraftig basslinje, güiro som perkusjon og ein langt mørkare stemning for konsertane hans i 1995 og 1997, mellom anna på MTV Europe Music Awards i 1995. Bowie gjekk attende til å spele originalversjonen igjen i 2000-åra.
We passed upon the stair, we spoke of was and when
Although I wasn't there, he said I was his friend
Which came as some surprise I spoke into his eyes
I thought you died alone, a long long time ago
Songen var den siste som vart skriven og innspelt for albumet
Tittelen på songen liknar på tittelen til science fiction-romanen av Robert A. Heinlein frå 1949, The Man Who Sold the Moon, som Bowie kjende til.[1] Songen har ingen likskapar med soga i boka. Personen i songen møter ein slags dobbeltgjengar, som er indikert i det andre refrenget der «I never lost control» er byta ut med «We never lost control».[2] Utanom dette er episoden ikkje forklart, som James E. Perone skreiv: Bowie møter hovudrolla i songen, men det er ikkje klart kva dette uttrykket tyder, eller kven eksakt denne mannen er. Hovudsaka med songen er at han måler - rettnok på ein flyktig måte - hovudrolla som nok eit døme på utskot i samfunnet, som det finst fleire av på albumet.[3]
Som med mange av songane på albumet er temaet i songen samanlikna med grøsser-fantasy-verka til H.P. Lovecraft.[4] Tekstane vert òg sagt å reflektere uroa Bowie hadde for spalta personlegdom, og vert trudd å vere delvis inspirert av diktet «Antigonish» av William Hughes Mearns:[5]
« | Last night I saw upon the stair A little man who wasn’t there |
» |
I BBC Radio 1-programmet «ChangesNowBowie», som vart sendt 8. januar 1997, vart Bowie intervjua av Mary Anne Hobbs og vart spurt om songen. Bowie sa «Eg trur eg skreiv han fordi det var ein del av meg sjølv eg leitte etter. Kanskje no som eg føler meg meir komfortable med korleis eg lever og den mentale tilstanden min (ler) og den andelege tilstanden min eller kva det no er, kanskje eg føler at det på eit vis stemmer overeins no. For meg har songen alltid vore eit døme på korleis ein kjenner seg når ein er ung, når du veit at det er ein del av deg sjølv du ikkje har funne ut av enno. Du må ut på denne store leitinga, denne trongen til å finne ut kven du verkeleg er».[6]
Den siste dagen albumet vart miksa, hadde Bowie enno ikkje kome opp med tekst til songen. Visconti hugsa korleis han sat og venta ved miksebordet, medan Bowie sat i resepsjonen i Advision Studios og skreiv teksten. Bowie sprang så inn i studio, spelte inn vokalen og songen vart miksa i løpet av få timar, før lydbandet vart sendt av stad same kvelden. Dette vart òg tittelen på albumet, som tidlegare hadde meint å bli Metrobolis.[7]
Arrangementa til Mick Ronson og Visconti, som med språket til Bowie, hadde vore tungt, mørkt og krampaktig gjennom det meste av plata, men på «The Man Who Sold The World» er alt mykje enklare og reinare. Opningsriffet på gitaren til Ronson er såpass enkelt at gitarlærarar nyttar det for å lære nybyrjarar. Riffet går gjennom heile songen. Forfattaren Chet Williamson skreiv om songen: «Melodien i riffet endrar seg ikkje. Det verkar å ikkje følgje noko toneart og står aleine, tilpassar seg sjølv til mørkret av d-moll, lyset i F og den forbigåande karakteren til A.» Refrenget er enno enklare. Visconti på bass, så Ronson, så Ralph Mace (eller Visconti) på klaver, alle følgje same vegen og spelar berre enkle skalaer.[7]
Før Nirvana førte «The Man Who Sold the World» ut til dei store MTV-massane i 1990-åra, hadde Bowie berre vitja songen på ny to gonger. I 1973 produserte han og spelte på Lulu sin versjon av songen. Den andre gongen var då Bowie framførte songen i Saturday Night Live. MTV spelte Nirvana-konserten om att og om att i 1994 og mange ungdomar trudde at det var ein Nirvana-song, slik at Bowie stod i fare for å bli skulda for å covre ein av sine eigne songar, om han skulle hente songen fram att. Eit år seinare gjorde nettopp Bowie dette, men han snudde songen på hovudet. Han fjerna alt som var kjend med songen (vokalmelodien, gitarriffet, skalaene i refrenget) og hadde berre att teksten, over ein minimalistisk elektronisk rytme. Han song songen roleg og trist.
I 2000 spelte Bowie songen med det tradisjonelle arrangementet for BBC, og på turneen i 2003-2004 var songen fast på konsertane hans.
The Man Who Sold the World Singel av Lulu | ||
B-side |
«Watch That Man» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. januar 1974 | |
Innspelt | Juli 1973 | |
Sjanger | Glamrock | |
Selskap | Polydor | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | David Bowie, Mick Ronson | |
Lulu-kronologi | ||
The Man Who Sold the World | «The Man with the Golden Gun» (1974)
|
Songen vart spelt inn av den skotske songaren Lulu i 1974, som spelte han i ein «sjuskete, nesten Berlin-kabaret-aktig stil».[8] Han vart gjeven ut som singel den 11. januar 1974 og nådde tredjeplassen i Storbritannia. Lulu har fortalt at Bowie inviterte ho til ein konsert han gav, og møtte ho på hotellrommet seinare og sa «Eg vil lage ei jævel av ei plate med deg, fordi du er ein bra songar» Lulu har så fortalt at ho ikkje trudde det kom til å skje, men at Bowie tok kontakt to dagar seinare. «Eg syns han var überkul på den tida og eg ønskte berre å følgje han. Eg elska alt han gjorde. Eg syns ikkje 'Man Who Sold the World' var den beste songen for stemma mi, men det var ein sterk song i seg sjølv. Eg anar ikkje kva han handla om. I studioet bad Bowie meg røykje fleire sigarettar for å få ein viss kvalitet i stemma mi»[9] Bowie produserte denne versjonen i lag med Mick Ronson under innspelinga av Pin Ups og spelte òg gitar, saksofon og song korvokal på versjonen. Resten av bandet bestod av Ronson på gitar, Trevor Bolder på bass, Mike Garson på piano og Aynsley Dunbar på trommer.[10]
Lulu-singelen kom ut 11. januar 1974 og vart septl av Lulu på Top of the Pops den 10. januar 1974. Songen klatra heilt til tredjeplassen på den britiske singellista.
Liste (1974) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop)[11] | 24 |
Nederland[11] | 10 |
Irish Singles Chart[12] | 8 |
UK Singles Chart (Official Chart Company)[13] | 3 |
Songen vart spelt av den amerikanske songaren Richard Barone i 1987 for kammerpop-albumet Cool Blue Halo. Han nytta cello, akustisk gitar og symfonisk perkusjon.
I dagboka si rangerte Kurt Cobain frå den amerikanske grungegruppa Nirvana albumet The Man Who Sold the World på 45. plass på lista si over dei 50 favorittalbuma hans.[14] Ei konsertopptak av songen vart spelt inn av bandet i 1993 under MTV Unplugged-framferda deira, og gjeven ut på MTV Unplugged in New York same året. Songen vart òg gjeven ut som singel for albumet og vart mykje spelt på radio. Musikkvideoen vart òg mykje vist på stasjonar som MTV. Nirvana spelte songen ofte på konsertane sine sidan, fram til Cobain døydde i 1994.
Etter denne versjonen kom ut jamra Bowie seg over at når han sjølv spelte songen så møtte han etterpå «ungdom som kjem opp til meg og seier, 'det er kult at du spelar ein Nirvana-song'. Og eg tenkjer, 'dra til hel... din vesle drit.»[15]
Liste (1995) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[16] | 40 |
Canada Top Singles (RPM)[17] | 22 |
Fransk radio[18] | 34 |
US Alternative Songs (Billboard)[19] | 6 |
US Mainstream Rock (Billboard)[20] | 12 |
US Radio Songs (Billboard)[21] | 39 |
Liste (2012) | Plassering |
---|---|
UK Rock and Metal | 13 |
Chart (2013) | Position |
---|---|
Frankrike (SNEP)[22] | 149 |