Fedrelandspartiet
LandNoreg
Partileiar(ar)Arild Kibsgaard
GrunnleggjararHarald Trefall
Grunnlagt1990
Nedlagt31. desember 2008
HovudkvarterBergen
PartiavisFedreland
IdeologiSjå under Politikk
Politisk posisjonhøgresida
Ordførarar0
Kommunestyre-
representantar
0
Fylkestings-
representantar
0
Stortings-
representantar
0

Fedrelandspartiet var eit norsk parti, som vart stifta 17. mai 1990. Partiet kalla seg eit verdikonservativt nasjonalistisk parti som definerte idégrunnlaget sitt som å verne om Noregs nasjonale interesser, og forsvare og vidareutvikle den norske og kristne kulturarv med basis i ei demokratisk grunnhaldning. [1] Fedrelandspartiet har vore lista som eit høgreradikalt parti.[2]

Politikk

Som hovudsak arbeidde partiet for å avgrense innvandring til Noreg. Partiet nytta mellom anna menneskerettskonvensjonen som argument for eit nasjonalitetsprinsipp basert på at det ikkje skal vera store forflyttingar av folk mellom nasjonalstatane. Fedrelandspartiet var motstandarar av norsk medlemskap i EU av same grunn.

Struktur

Rådet

Rådet var partiets høgaste organ i den forstand at Rådet skulle godkjenne alle endringar i ideologisk verdigrunnlag samt partiet sine vedtekter. Rådet var ikkje demokratisk valt, men var sett saman av partistiftarane og kunne supplere seg sjølv.

Sentralstyret

Fedrelandspartiet var organisert i eit sentralstyre som hadde den daglege drifta av partiarbeidet. Sentralstyret vart valt av landsmøtet og hadde ein formann, nestformann, kasserar og sekretær, i tillegg til eit varierande tal på styremedlemmer. Eitt av styremedlemmane kom frå Rådet.

Landsmøtet

Landsmøtet var sett saman av landsstyret, Rådet og eit tal på representantar frå kvart fylkeslag, i tillegg til partiet sine eventuelle stortingsrepresentantar. Til vanleg vart landsmøta haldne i dei åra det ikkje var offentlege val.

Landsstyre

Landsstyret var sett saman av sentralstyret og formennene i fylkeslaga. Styret vart kalla saman av sentralstyret når dette fann det naudsynt.

Fylkeslag

Fylkeslag vart oppretta fylkesvis og godkjende av sentralstyret.

Lokallag

Lokallag vart hovudsakleg oppretta for kvar kommune og godkjende av det aktuelle fylkeslag sitt styre.

Historie

Fedrelandspartiet vart skipa 17. mai 1990 i Bergen. Ved stortingsvalet 1993 fekk partiet 0,5 % av røystene, noko som er det beste valresultatet i etterkrigstida for eit ytterleggåande innvandringsfiendtleg parti. Ved stortingsvalet 2005 stilte Fedrelandspartiet ikkje til val. Fleire medlemer, inkludert nestleiaren Bjarne Betten, stilte til val for Demokratane.

Partiet vart offisielt lagt ned 31.12.2008. [3]

Statistikk

Partileiarar

Valoppslutning

Kommuneval

Fylkesval

Stortingsval

Kjelder