Samfundspartiet | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Grunnleggjarar | Bertram Dybwad Brochmann | ||
Grunnlagt | 1933 | ||
Ideologi | Kristen korporatisme, antirasisme, antikommunisme ![]() | ||
Politisk posisjon | høgresida | ||
Slagord | Riv ned alle gjerder som skiller menneskene og hindrer dem fra å opleve og erkjenne våre dype fellesinteresser innenfor vårt felles samfund. Frem med helhetsfølelsen og totalitetsbevisstheten. Ned med partipolitikken og klassekampen. Frem med det frie levende samfund.[1] |
Samfundspartiet var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet henta tankar frå kristendom, korporativisme, teknokrati, sosialpsykologi, økologi og samfunnsøkonomi, og kan vanskeleg plasserast på nokon høgre-venstre-skala.[2] Partiet vart organisert kring forfattaren Bertram Dybwad Brochmann.
Partiet voks fram på 1930-talet mykje som resultat av den økonomiske krisa i mellomkrigstida, og vart grunnlagt i 1933.[3] Samfundspartiet hadde få formelle strukturar. Slik fekk Brochmann stort spelerom. Han vart overraskande innvald på Stortinget frå Bergen i 1933, og fekk merksemd ved i krisetidene å nekta å ta imot løn for å sitja på Stortinget. Samfundspartiet, ved Brochmanns vararepresentant Gjert E. Bonde, var det einaste partiet som røysta mot Steriliseringslova i 1934. Lova opna for sterilisering av personar med «mangelfullt utviklede sjelsevner», og lova vart særleg nytta ved sterilisering av romanifolk og tatarar.
Ved valet i 1936 vart ikkje Brochmann stortingsrepresentant. Trass i dette vart partiet representert gjennom Sigurd Haakon Jacobsen, innvald frå Nordland fylke. Då okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen kom i 1940, valde partiet å oppløysa seg sjølv. Sjølv om Brochmann tok avstand frå Vidkun Quisling meinte han at Hitler sin økonomiske politikk var fornuftig. Slike synspunkt vart offentleg gjeve uttrykk for, mellom anna i ei radiotale. Brochmann og fleire av partikameratane vart dømde i landssvikoppgjeret etter krigen. Ved stortingsvalet i 1945 stilte krefter i partiet til val som «Nytt Norge» i Bergen og landkrinsane i Sør-Trøndelag. Nytt Norge vart ikkje representert på Stortinget, men fekk representantar i bystyret i Bergen ved vala i 1945 og 1947.[4]
Samfundspartiet stilte til val ved tre stortingsval i tida 1933-49, og oppnådde følgjande resultat:
Nytt Norge fekk i 1945 0,12 % av røystene på landsbasis. I dei to valkrinsane dei stilte var resultata:
Ingen stad fekk Samfundspartiet større oppslutning enn i Velfjord kommune i Nordland.[5]