Fyllitt
Fotomikorograf av tynne delar av fylitt.

Fyllitt eller leirglimmerskifer er ein bergart som har oppstått ved omdanning eller metamorfose av leirskifer. Han liknar på glimmerskifer, men er ikkje så sterkt omvandla som denne. Dei nydanna mineralkorna er mikroskopiske. Fyllitt består hovudsakleg av muskovitt, kloritt og kvarts. Han skil seg frå leirskifer ved fløyelsaktig glans og større seigheit. Fyllitt vert nytta takskifer når han har ein plan og jamn skifrigheit.

Han er særs utbreidd i Noreg og dei fleste førekomstane er frå ordovicium, men alderen er vanskeleg å avgjere.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Fyllitt