Leirskifer

Kjenneteikn
Gruppesedimentær

Leirskifer (eller leirstein) er ein sedimentær bergart som består av konsoliderte sediment. Leirskifer er lagdelt og har gode kløyveigenskapar i alle retningar, men best i liggeplanet. Han kan delast opp lagvis i milli- til centimetertjukke flak.

Danning

Leirskifer er danna ved avsetjing (sedimentering) av leire, på botnen av vatn (innsjøar eller hav).

Leira er avsett i intervallar eller syklusar, derfor er skifer lagdelt. Etterkvart som laga med sediment veks, auker trykket på dei nederste laga. Ved høgt trykk blir sedimentlaga omdanna (sementert) frå leire til skifer. Leirskifer er ikkje omdanna (metamorfose).

Ulike typar skifer

Graden av omdanning (metamorfose) frå mudder, leire og sand gjev ulike kvalitetar av skifer. Leirskifer og alunskifer manglar heilt krystallar, de er «dade». Fyllitt, kvartsitt- og glimmerskifer er metamorfe bergartar, der bergarten er delvis krystallisert.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.