Riksveg 288 og 601 var to riksvegar i Buskerud og Sogn og Fjordane som seinare vart slegne saman til Riksveg 50.

Riksveg 288 (Rv288) var nemninga på vegen mellom Hol og Aurland som vart opna i 1974 i samband med kraftutbygging i Aurlandsvassdraget. Vidare gjekk vegen som Riksveg 601 (Rv601) mellom Aurlandsvangen og Flåm i Aurland kommune. Med opninga av Flenjatunnelen i 1985 vart vegen forlenga gjennom tunnelen og ned til Undredal.

Den 17. desember 1991 opna Gudvangatunnelen, og med ny ferjefri trasé mellom Aurlandsvangen og Gudvangen vart Riksveg 288 og traséen Aurlandsvangen - Flenjatunnelen til Riksveg 601 slegne saman til nye Riksveg 50 mellom Hol og Gudvangen. Med dette vart Riksveg 288 historie medan Riksveg 601 vart redusert til ein veg mellom Undredal og Flenjatunnelen og er i dag kjend som Fylkesveg 5626.

I 1992 opna Onstadtunnelen og ny veg mellom Heggviki og Fossheim, og Riksveg 50 vart med det lagt utanom Aurlandsvangen. Dåverande Fylkesveg 243 i Sogn og Fjordane (no Fylkesveg 5627) tok over traséen mellom Fossheim og Aurlandsvangen medan gamlevegen mellom Vangen og Heggviki vart kommunal veg. Seinare kom òg Fretheimtunnelen og Brekkebrui rundt Flåm, og den gamle traséen gjennom tettstaden vart kommunal veg.

Den planlagde Lærdalstunnelen opna den 27. november 2000, og med dette vart traséen mellom Gudvangen og Fossheim overført til Europaveg 16. Den resterande traséen til gamle Riksveg 50 er om lag som i dag, vegen fekk status som fylkesveg i 2010 og er sidan kjend som Fylkesveg 50.

Historiske kommunar og knytepunkt for Riksveg 288

[endre | endre wikiteksten]

Buskerud

[endre | endre wikiteksten]
Hol

Sogn og Fjordane

[endre | endre wikiteksten]
Aurland

Historiske kommunar og knytepunkt for Riksveg 601

[endre | endre wikiteksten]

Sogn og Fjordane

[endre | endre wikiteksten]
Aurland

Ny veg frå 1985

Ny veg frå 1991