Gaukefamilien
Gulnebbgauk Coccyzus americanus
Gulnebbgauk Coccyzus americanus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Gaukefuglar Cuculiformes
Familie: Gaukefamilien Cuculidae
Vigors, 1825

Gaukefamilien (Cuculidae) er ein familie av mellomstore slanke fuglar i ordenen gaukefuglar, Cuculiformes. Dei fleste gaukar lever i tre, med eit vesentleg mindretal som lever på eller nær bakken. Familien har ein kosmopolitisk distribusjon, storparten av artane finn ein i tropiske område. Artane i tempererte område er trekkfuglar. Dietten til fuglar i gaukefamilien er insekt, insektlarver og ei rekkje andre dyr, samt frukt. Mange artar er reirparasittar, dei legg egga sine i reira hjå andre artar, men dei fleste artane i familien utfører sjølv ruging og tar omsorg for eiget avkom. Totalt finst det ca. 140 artar.

Kastanjemalkoha er typisk for slekta Phaenicophaeus med ei kraftig farga hud kring auge.
Foto: Alan Parker
Zygodaktyl ordning av tærne hos gaukar
Gaukar som denne trastgauken, sit ofte og tørkar og varmar seg i sola.

Gaukar er mellomstore fuglar som varierer i storleik frå pygmégauk, 17 gram og 15 cm, til fikengauk, 630 g og 63 cm. Det er generelt lite kjønnsdimorfisme i storleik, men i somme unntak kan enten hofuglen vere størst eller i andre døme er hannfuglen størst. Eit vektig særtrekk for artane i denne familien er zygodaktyle føter, som inneber at dei to indre tærne peikar fram og dei to ytre peikar bakover.

Det er to grunnleggande ulike kroppsformer blant gaukar, arboreale artar, som arten gauk i Europa, ei slank form med kort tarse. Den andre forma finn vi hos terrestriske artar som storløpegauk og dvergløpegauk med kraftigare kropp og lengre tarse. Nesten alle artar har lange halar til styring hos terrestriske artar og som et flygeror hos arboreale artar. Vengforma varierer også med levesettet, trekkfuglartar slik som svartnebbgauk har lange smale venger vel eigna til krevjande flyging, og meir terrestriske standfuglar som sporegaukar (Centropus) og malkohaer (Phaenicophaeus) har kortare, avrunda venger og meir anstrengt glideflukt.

Hovudgrupperingar av gaukar:

  • Cuculinae er reirparasittiske gaukar i «den gamle verda». Kroppsforma er den klassiske arboreale, vanlegvis med lange halar og korte bein. Fikengauken har eit svært nebb som minner om dei ein finn hos hornfuglar.
  • Phaenicophaeinae lever òg i «den gamle verda», men er ikkje reirparasittar. Gruppa inkluderer koaer (Coua), malakoaer (Phaenicophaeus), og bakkenære gaukar. Dette er meir terrestriske gaukar, med sterke og ofte lange bein og korte avrunda venger. Underfamilien har også vanlegvis har lysare fjørdrakt og hud rundt augo i ei klår farge.
  • Centropodinae, sporegaukar er kraftige fuglar, den største menbekisporegauk har omtrent same storleik som fikengauk.
  • Coccyzinae er arboreale med lange halar, ei rekkje fuglar i slekta Coccyzus har distribusjon på øyar.
  • Neomorphinae er typiske jordgaukar. Til dømes løpegaukane kan komme opp i over 30 km/t når dei jagar byttedyr på bakken.
  • Crotophaginae, er klumpete aniar og den større guiragauk. Karakteristikkar for aniar er kraftig nebb og mørk, nesten einsfarga, glansfull fjørdrakt. Eit døme er storani.

Fjørene hos gaukar er generelt mjuke, dei blir ofte gjennomblaute i hardt regn. Etter slikt regn kan aniar halde vengene opne som skarvar for å tørke dei i sola. Det er store variasjonar i fjørdrakt blant gaukane. Nokre artar, spesielt reirparasittane har kamuflerande fjørdrakt, medan andre har lyse og spesielle drakter. Dette gjeld særleg for slekta Chrysococcyx, som har iriserande fjørdrakter. Somme gaukar har likskap med haukane med tverrstriper på undersida, det kan tilsynelatande skremme potensielle reirvertar som gjer at hofuglen får tilgang til reiret åt ein vert. Ungar hos nokre reirparasittar er farga slik at dei liknar ungane til verten. For eksempel, har grønnebbkoel i India svart avkom å for å etterlikne avkommet til kråkevertane, medan grånebbkoel får brune ungar til likskap med vertane, honningetarane. Kjønna har generelt lik fjørdrakt, avvik kan finnast hos reirparasittartar.

Artslista

Gaukar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Guira

Slekt Crotophaga

Slekt Tapera

Slekt Dromococcyx

Slekt Morococcyx

Slekt Geococcyx

Slekt Neomorphus

Slekt Carpococcyx

Slekt Coua

Slekt Centropus

Slekt Rhinortha

Slekt Ceuthmochares

Slekt Taccocua

Slekt Zanclostomus

Slekt Phaenicophaeus

Slekt Rhamphococcyx

Slekt Dasylophus

Slekt Clamator

Slekt Coccycua

Slekt Piaya

Slekt Coccyzus

Slekt Pachycoccyx

Slekt Microdynamis

Slekt Eudynamys

Slekt Urodynamis

Slekt Scythrops

Slekt Chrysococcyx

Slekt Cacomantis

Slekt Cercococcyx

Slekt Surniculus

Slekt Hierococcyx

Slekt Cuculus

Kjelder

Referansar

  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff