Gjallarhorn (‘det gjallende hornet’) er eit horn knytt til guden Heimdall og den kloke Mime i norrøn mytologi. Det er nemnd ein gong i Den eldre Edda og tre gonger i Den yngre Edda. Ifølgje Snorre Sturlason i Gylvaginning vil Heimdall blåsa i hornet ved byrjinga av Ragnarok.[1]
Dette hornet kunne høyrast i både menneskeverda, gudeverda og underverda, og brukast til å vekka gudane dersom det er fare på ferde, særleg dersom nokon freista å koma seg over Bifrost, brua mellom Åsgard og Midgard, som Heimdall vaktar. Dette hornet skal òg markera byrjinga på Ragnarok, då verda går under.[2]
Namnet Gjallarhorn blir òg brukt om (drikke-)hornet som Mime drikk av frå Mimebrønnen for å få visdom.[3] Ein går også ut frå at eddadiktet Grimnesmål viser til Heimdall sitt horn som eit drikkehorn.[4] Den doble bruken av hornet - som blåseinstrument og som drikkehorn - har vore allment kjent òg i den «menneskelege» verda frå tidleg jernalder.[5] Hornet som varsling i strid er òg kjent frå andre land, jf. olifanten til den frankiske sogehelten Roland, som var eit blåseinstrument laga av elfenbein.