Glatt | |||
elv | |||
Ved Dübendorf
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 38,5 km | ||
Kjelde | Greifensee | ||
Munning | Rhinen (Rheinsfelden) | ||
![]() Glatt 47°34′26″N 8°28′15″E / 47.574°N 8.47087°E | |||
Wikimedia Commons: Glatt (Rhine) | |||
Glatt er ei mindre sideelv til Hochrhein i Unterland i kantonen Zürich i Sveits. Ho er 38,5 km lang og renn ut frå Greifensee gjennom Glattdalen, og munnar ut i Rhinen ved Glattfelden. Medan dei øvre delane av elva renn slakt, vert elva gradvis brattare lenger nede.
Glatt vart først nemnd i 1034 og kom av det gammalhøgtyske glat, som tyder anten lys, klår, plan eller glatt.[1] Sidan 1400-talet har Glatt vore underlagt byen Zürich.
Etter eit første forsøk på å regulere elva i 1593 og nokre få forsøk tidleg på 1800-talet vart den store omforminga av elva gjort mellom 1878 og 1895. I 1936 vart elva retta vidare opp i samband med bygginga av Zürich lufthamn. Dei siste reguleringane vart gjort i 1975 mellom Niederglatt og samløpet mellom Glatt og Rhinen. Det vart bygd eit vasskraftverk ved elva seint på 1800-talet.