Prinsippet for eit vasskraftverk A = vassmagasin, B = kraftstasjon, C = turbin, D = generator, E = inntaksregulator, F = vasstunnel/røyr, G = transformatorstasjon/kraftline, H = tunnel eller vassdrag

Eit vasskraftverk er eit kraftverk som omformar den statiske energien lagra i eit vassmagasin (feilaktig kalla «vasskraft») til elektrisk energi. Vatnet vert leidd gjennom røyr, tunnelar og sjakter frå magasinet til kraftverket. Vatnet i røyra har stor fart og den statiske energien som er lagra i vassmagasinet går over til dynamisk energi i røyret før den når turbinane. Turbinane omformar den dynamiske energien i vatnet til mekanisk rotasjonsenergi, som driv elektriske generatorar, som omformar den dynamiske rotasjonsenergien til elektrisk energi. Nemninga kraftverk er missvisande, etter som det ikkje er kraft, men energi som vert omset frå ei form til ei anna.

Den potensielle energien i vassmagasinet kjem frå vatn som har fordampa frå havet og falle som nedbør i fjella. Det er energien frå den elektromagnetiske strålinga (ljoset) frå sola som fører til at vatnet fordampar. Denne stammar i sin tur frå kjernereaksjonar i solkjernen. Krinslaupet til vatnet vert kalla det hydrologiske krinslaupet.

Det er meir enn 45 000[1] – 50 000 demningar med høgd over 15 meter i verda,[2] og talet på vasskraftverk kan vere om lag det same. Ikkje alle demningar er knytte til kraftverk, og det finst vasskraftverk som ikkje får vatn frå demning. Om lag halvparten av elvane i verda er oppdemma.[3]

Typar vasskraftverk

Ein skil mellom tre ulike kraftverksprinsipp: magasinkraftverk, elvekraftverk og pumpekraftverk.

Zakariasdammen magasinerer 70 millionar m3 for kraftverket i Tafjord 450 meter lavare.
Chief Joseph-demninga i Columbia-elva USA er eit typisk elvekraftverk med kontiunerleg gjennomstrøyming og lav fallhøgde.

Vasskraftverk i Noreg

Hammeren kraftstasjon i Oslo vart sett i drift i 1900.

Dei første elektrisitetsverka i Noreg gjekk dels på damp (fyrt med til dømes kol eller torv), dels på vassenergi. Laugstol Brug i Skien var i 1885 det første kraftverket som leverte energi til kundar og ikkje berre eige bruk, «120 lampar» var totaleffekten på dette verket. Hammerfest var først ute med kommunalt kraftverk, ein generator på 48 kW. I 1891 fekk Hammerfest elektrisk gatelys som den første byen i Nord-Europa. Det første kraftverket i Oslo (Kristiania), Christiania Elektricitetsværk, var dampdreve, og vart sett i drift 1891.[4] Verket låg i Rosenkrantzgate i sentrum av byen. Energiprisen var den gongen omkring 75 øre/kWh (ikkje justert til dagens kroneverdi).[5]

På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var det fleire initiativ for utbygging av vasskraftverk. Vanskar med å overfør energi over lange avstandar gjorde at industrien måtte leggast tett ved kraftverket eller at små kraftverk vart sett opp nær forbrukarane. Til dømes på Sunnmøre vart eit av dei eldste vasskraftverka sett opp av O.A. Devolds Sønner A/S i Langevåg og nytta Devolds fabrikk der (1883).[6]

Kjelder

  1. Tehri Hydro-Electric Project Arkivert 2013-07-31 ved Wayback Machine. – Thomas Langkamp, Universität Hamburg, 3.mars 2008.
  2. Black, Maggie og Jannet King: The Atlas of Water, Earthscan 2009, side 36.
  3. Tehri Hydro-Electric Project Arkivert 2013-07-31 ved Wayback Machine. – Thomas Langkamp, Universität Hamburg, 3.mars 2008.
  4. Statistisk årbok 2000, historisk statistikk Elektrisitetsverk i byer etablert før 1901, lest på nett 30.jan 2013.
  5. Teknisk Ukeblad på nett lese 31.jan 2013.
  6. Vollan, Odd (1967): Tafjord Kraftselskap 1917-1967. Ålesund: Sunnmørspostens trykkeri.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Vasskraftverk