Harry Potter-universet er ei fiktiv verd i J.K. Rowling sin serie om Harry Potter.

Geografi

For meir om dette emnet, sjå Stader i Harry Potter-serien.

Det er ikkje noko eige magisk land i Harry Potter-serien. Gompane (vanlege menneske) lever saman med trollmenn i skjul, og byen Galtvang skal vere den einaste byen i Storbritannia der det berre bur trollmenn.

Blod-reinleik

Gompefødt

Gompefødt (engelsk muggleborn) er eit uttrykk i trollmannsverda (i Harry Potter-bokserien) for hekser som har gompar som foreldre (umagiske foreldre), men likevel har fått magiske evner. Eit frekkare uttrykk for å vere gompefødt er grums, som er brukt som eit skjellsord, til dømes av familien Malfang. Gompefødde blir ofte sett ned på av fullblodsfamiliar, og nokon går så langt som å terrorisere gompefødde fordi dei meiner dei ikkje høyrer til i verda deira. Salazar Smygard meinte at berre «fullblods» trollmenn burde få studere magi på Galtvort, og var sterkt imot gompefødde.

Å vere gompefødd er ikkje unormalt i Harry Potter-universert, men er mindre vanleg enn halvblods og fullblods- hekser og trollmenn. Det er fleire gompefødte nemnt i bøkene, til dømes:

Halvblods

Halvblods (personar som har ein magisk forelder og ein umagisk, eller to magiske foreldre der den eine er gompefødd) Å vere «halvblods» tyder at ein har ein mor eller far som er magisk (trollmann eller heks) og ein som er umagisk (gomp).

Døme på halvblodskarakterar er:

Fullblods

Å vere fullblods er eit uttrykk i Harry Potter-serien som tydar å ha både mor og far som er magiske (trollmann eller heks). Enkelte trollmenn som Lucius Malfang bryr seg mykje om å vere fullblods og «rent blod».

Døme på karakterar som er fullblods er: ((columns-list|4|

Gompeblod (futt)

Å vere «futt» er eit uttrykk brukt i Harry Potter-serien om ein som er son eller dotter av magiske (trollmenn eller hekser), men ikkje har arva nokre magiske krefter sjølv. Ofte vert futtar ein skam for fullblods-familiar, som kan vere veldig opptatt av «reint blod» og å vere fullblods. Karakterar i Harry Potter-verda som er eit futt er mellom anna Argus Nask.

Økonomi

Myntar

Ein fjong er Ein sigd er Ein galleon er
1 fjong 29 fjong 493 fjong
0,03448... sigd 1 sigd 17 sigder
0,002028... galleoner 0,05882... galleoner 1 galleon

I trollmannsverda brukar ein sigd, fjong og galleoner som mynter. Mynter i den verkelige verda kallast gompepenger.

«Sigd», «fjong» og «galleon» på andre språk;

Spel og sport

Rumpeldunk

For meir om dette emnet, sjå Rumpeldunk.
Ein teikna versjon av gullsnoppen, ein av ballane i sporten.

Rumpeldunk (engelsk Quidditch) er eit ballspel utført på sopelimar. Det blir spelt med tre ballar (klabb, gullsnopp og sluff), sju spelarar og seks målstenger (tre på kvar side av banen). Kvart lag består av to knakkarar, ein speidar, ein målvakt og tre jagarar.

Dyr og plantar

For dyra i serien, sjå Vesen i Harry Potter-serien.

For meir om plantane, sjå Planter i Harry Potter.

Plantar i Harry Potter-serien kan brukast i eliksirar, som hindringar og har ofte spesielle effektar. Biologi-faget på Galtvort handlar mykje om magiske plantar.

Aviser og magasin

Aftenprofeten

Aftenprofeten er den mest lesne avisa i det magiske samfunnet i England. Den journalistiske integriteten i avisa kan vere dårleg, og avisa har ord på seg for å vere meir interessert i høge salstal enn å vere sakleg og nøktern (det engelske namnet på avisa, The Daily Prophet, kan vere eit ordspel på ein del kjente engelske aviser). Avisa blir sterkt sensurert av magidepartementet.

Gunnar Grump, den gale gomp på galeien

Gunnar Grump, den gale gomp på galeien er ein teikneserie. Lite er kjent om han, anna enn at han er favorittserien til Ronny Wiltersen.

Heks og Hør

Bladet Heks og Hør (engelsk Witch weekly) er mest retta mot kvinner. Det inneheld mellom anna oppskrifter som Molly Wiltersen lagar mat etter.

Kleggen

Redaktøren i dette bladet er Xenofilius Lunekjær.

Mat

Sjokoladefrosk

Ein sjokoladefrosk er ein ekte frosk, berre at den er laga av sjokolade og derfor han bevege på seg. Med kvar sjokoladefrosk høyrer det med eit trollmannskort, som er populære samlekort i trollmannsverda. På engelsk heiter sjokoladefrosker Chocolate Frogs.

Bertram Butts allsmakbønner

Allsmakbønner

Desse bønnene er det mange forskjellige smaker av, t.d. karamell, sjokolade og jordbær, men ogso lungemos, oppkast og øyrevaks.

På andre språk heiter «Bertram Butts allsmakbønner»;

Kjelder

Litteratur