Harry and the Potters, det fyrste trollmann-rock bandet.
Draco and the Malfoys

Trollmann-rock (engelsk Wizard rock, nokre gonger forkorta til Wrock) er ein sjanger innan rock. Sjangeren har opphav frå 2002-2004 i USA. Typisk for trollmann-rock band er deira forstillingar og humoristiske songar om Harry Potter-universet.[1][2] Sjangeren byrja med bandet Harry and the Potters i Massachusetts, sjølv om det har vakse internasjonalt.[3][4] Det er vanleg å spele inn sine eigene songar og distribuere dei med nettbaserte sosiale nettverk-kanaler.

Kjenneteikn

Dei to mest populære banda i sjangeren er Harry and the Potters og Draco and the Malfoys.[5] Sjølv om dei fleste lyttarar er fans av Harry Potter-serien, har nokre band også fått tilhengarar utanfor bøkenes fanbase.[6] Songane er ofte skrivne utifrå synspunkt av ein spesiell karakter frå bøkene, vanlegvis karakteren som blir nemnt i bandnamnet. I motsetning til ordinære band som har nokre songar innehaldande litterære referansar blant eit breiare repertoar av musikk.

Historie

Den tidlegaste songen med Harry Potter som tema er konvensjonelt tilbake i 2000, då det Los Angeles baserte pop-punk bandet Switchblade Kittens gav ut ein «Ode to Harry» frå perspektivet til Gulla Wiltersen. Harry and the Potters er det fyrste bandet med Harry Potter-tema, og dette bandet starta ein fan-fokusert sjanger med musikk kalla trollmann-rock. Etterkvart som Harry and the Potters auka i popularitet, byrja det å dukke opp andre trollmann-rock band, til dømes Draco and the Malfoys og The Whomping Willows.

Bibliografi

Sjå òg

Referansar

  1. Brady, Shaun (28. november 2006). «Yule Ball rolls into Philly». The Philadelphia Daily News.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  2. Humphries, Rachel (13. juli 2007). «Harry Potter 'Wrockers' Conjure Musical Magic». ABC News. Henta 31. juli 2007. 
  3. Loftus, Meghan (20. juli 2007). «Wizard Rock». The Post-Standard. Arkivert frå originalen 7. oktober 2007. Henta 31. juli 2007. 
  4. Davies, Shaun (20. juli 2007). «The unexpected wizards of rock and roll». MSN. Arkivert frå originalen 18. august 2007. Henta 31. juli 2007. 
  5. Grossman, Lev (July 20, 2009). «The Boy Who Rocked». Time magazine. Arkivert frå originalen 26. august 2013. Henta 16. juli 2009. 
  6. Rose, Lacey (13. juli 2005). «Wizard Rock». Forbes. Arkivert frå originalen 10. juli 2009. Henta 26. januar 2007. 

Kjelder